Søk

Tone Lin Støfring

Tone Lin Støfring (1973) faglærar i NRK Nynorsk mediesenter frå desember 2009.

Ho har vore fast tilsett i NRK Sogn og Fjordane sidan 2004, som vaktsjef, journalist og programleiar. Ho har også jobba som journalist og avviklar i NRK Dagsnytt og NRK Alltid Nyheter.
Støfring er Cand.mag med radioutdanning frå Høgskulen i Volda, merkantil fransk og internasjonal handel frå Høgskulen i Halden. I tillegg har ho utdanning frå reiseliv- og hotellfag i Frankrike.
 

Var sjølv nynorskpraktikant

Tone Lin Støfring har sjølv vore nynorskprakikant i NRK Sogn og Fjordane frå 1997/1998. Ho debuterte i NRK Sogn og Fjordane med eit radioinnslag om korleis ein kunne servere veraballar, sauetestiklar. Men ho måtte også ete testiklane sjølv i tv-innslag på Dagsrevyen og Vestlandsrevyen for å vise kor gode dei var. No får praktikantane ei solid teoretisk innføring før dei blir sende ut for å gjere ting i praksis.

Frå sentralbord til journalist 

Støfring starta journalistikken med å få seg jobb på sentralbordet i radioen si nyheitsavdeling i 1996. Ho fekk raskt tilbod om å bli redaksjonsassistent og fekk såleis jobbe direkte opp mot journalistane og ikkje minst utanrikskorrespondentane i NRK. Jobben gjekk ut på å tilrettelegge hovudsendingane i nyheitsavdelinga.

Etter å ha vore nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane gjekk turen til Høgskulen i Volda, med radioutdanning og praksis i NRK Dagsnytt. Frå 2000-2004 var ho journalist i NRK Nyheter i Oslo, med økonomi og sport som fagområde. Støfring vart mykje brukt som meldingslesar i Dagsnytt og Alltid Nyheter, men ho var og innom både Ukeslutt, Dagsnytt 18 og Søndagsavisa. På Marienlyst fekk ho også jobbe for valredaksjonen i radio 1997, men og med det franske presidentvalet same året.

Heim til Jølster

I 2004 flytta Støfring og familien heim til Jølster og ho fekk jobb i NRK Sogn og Fjordane. Der har ho jobba både som journalist, programleiar for morgonsendinga og føremiddagssendinga, og som vaktsjef.

I NRK Sogn og Fjordane har Støfring hatt ansvaret for å lære opp nytilsette journalistar å lese nyheitene og gje dei kort innføring i stemmebruk. Støfring har også vore involvert i planlegginga av valet 2009, og saman med Eva Westvik har ho jobba ein kort periode med barne tv-satsinga ”Her er eg”.
 

 Tone Lin Støfring (Foto; Arne Stubhaug, NRK)

 

Tone Lin Støfring faglærar

Tlf.direkte: 57 72 42 67 Sentralbord: 57 72 42 42

Mobil: 911 08 181

E-post: tone.lin.stofring@nrk.no