Det har gått ein debatt på nettsida vår sidan Sara Myhren Kornberg reagerte på at ein reporter i "Banden" i NRK P3 laga innslag om at han hata nynorsk. Han forklarar seg med at innslaget var humoristisk meint, og at det for hans del var ein måte å få tømt or seg nynorskhatet på. No elskar han nynorsk må vite! Det einaste han seier seg lei for er at han ikkje ringde meg oppatt for å seie at det var ein tulletelefon som vart sendt, men han kjenner seg sikker på at eg skjønte det. Eg skil ikkje den eine tullingen frå den andre, men eg har ikkje opplevt at dei har sendt tullet sitt før.
Eg får slike telefonar kvar gong vi lyser etter nynorskpraktikantar. Som regel unge menn som "talar nynorsk" for høve, som ikkje kan skjøne kvifor dei skal "diskriminerast" og som ofte endar opp med å snakke om kor dei hatar språket mitt. Dette "grautmålet" som dei har brukt mykje energi på ikkje å lære seg i skulen. Det kostar å svare dei seriøst og skikkeleg.
Det er med meg som med forfattaren Edvard Hoem, som skriv dette i eit føredrag om "Mors og fars språk: - Eg prøver å unngå å bli ein gamling som gneldrar om alt det i alle tilfelle er for seint for meg å rette på. Eg prøver med andre ord å forandre meg. Eg vonar eg vil lykkast, men er ikkje sikker. Eg har eit sårt punkt: Når nokon snakkar nedsettande om språket mitt, har eg vondt for å vera verdig og imøtekomande.
Hoem fortel om 40-årsjubileet for gymnaskullet hans i Molde i fjor sommar. Ei dame frå økonomiklassen gratulerte med hans litterære framgang, men la raskt til at ho ikkje hadde noko til overs for den målforma han hadde valt. Difor hadde ho ikkje lese noko av det han hadde skrive! Hoem makta ikkje å la vere å ta det personleg. Det var eit angrep på alt han hadde skrive på dette språket og dermed på det han hadde brukt livet sitt til. Dama vart ulukkeleg då ho såg han vart arg, ho hadde berre meint å gje han eit kompliment, samstundes som ho ville få sagt kva ho meinte om nynorsk.
Det denne dama, og mange med henne, ikkje skjønar er at språket vårt er eit spørsmål av djup personleg art. Det handlar om identieten vår, kulturen og historia vår. Når folk snakkar nedsettande om språket vårt trør dei over ei grense. Mange skjønar kanskje ikkje kva dei gjer, for det vert mest forventa at vi skal ta imot med eit overberande smil, ja, gjerne le med.
Etter 150 års målreisingsarbeid er det framleis slik at redaktørane i dei store, riksdekkande avisene nektar nynorskskrivande journalistar å bruke den målforma dei kan best. Dersom nynorsken betyr mykje for deg, både som person og journalist, så har du her i landet stort sett valet mellom lokalaviser og etermedia. Ikkje få av dei som søkjer NRK Nynorsk mediesenter har innsett det, at dei må satse på radio, fjernsyn og Internett, om dei vil bruke nynorsk på riksnivå. Då Per Arne Kalbakk, som redaktør i NRK Østlandssendinga i 2004 tillet nynorsk der, vart han overvelda av hatet i reaksjonane han fekk. Hadde det same vorte sagt om kvinner, homofile og innvandrarar ville det vorte råka av straffelova, sa Kalbakk.
Det er stovereint å snakke nedsettande og harselerande om nynorsk. Det er lov å gjere narr av og stigmatisere eit skriftspråk som i alle høve blir brukt av ein halv million menneske her i landet. Vi som kjenner oss trakka på må berre ikkje yppe oss, då vert vi stempla som humørlause og sjølvhøgtidlege. Det får vi heller tåle, betre det enn å godta medviten og umedviten nedrakking av språket vårt.
NRK Nynorsk mediesenter er eit rekrutteringstiltak i NRK som skal lære opp nynorskbrukande journalistar. Målet vårt er at dei skal forlate oss som stolte nynorskbrukarar, med ryggrad til å tole mobben og syne at nynorsk er eit framifrå språk for dyktige journalistar.