Når eg får spørsmål om kva som skal til for å bli kalla inn til konferanse som aktuell nynorskpraktikant, svarar eg ofte ”Ein skikkeleg søknad”. Men det seier visst ikkje folk nokon verdens ting.
For sjølv om eg både seier og skriv det aldri så mykje, så får vi stadig oftare søknader på ei linje eller to, som syner til vedlagde CV. Der står det kva utdanning og arbeidsrøynsle dei har. Ofte avslutta med at vi skal få referansar om dei vert kalla inn til konferanse.
Det er så utbreidd at eg trur folk må lære at det skal vere slik på skular og kurs i skriving av søknader. Eg har lese søknader, og tilsett mediefolk i 25 år, og dei ordknappe har auka svært på dei siste åra. Men uansett kva jobb du søkjer så ynskjer mottakaren å vite kvifor du søkjer, kven du er og kva du vil. Ikkje lange avhandlingar, men i alle høve ei lita side.
Journalistikk handlar om å ha noko å fortelje, kunne by på seg sjølv og vere engasjert i samfunnet kring seg. Vi i NRK Nynorsk mediesenter lurer på kvifor du vil bli journalist, og kva nynorsken betyr for deg.
I søknaden må du gjere meg forviten på kven du er og gje meg lyst til å møte deg. Legg du ved attestar og vitnemål slepp eg å mase om det, for det må eg ha for å kunne vurdere deg, sjølv om du kanskje har vorte lært at det ikkje trengst i fyrste omgang.
Dermed ikkje sagt at ingen har kome inn her med ordknappe søknader, eller at det nyttar å skrive seg ut over alle vidder. Men eg er alltid redd for å oversjå talent fordi dei ikkje syner seg fram godt nok.
Oppskrifta er altså: Eit A4-ark om kven du er, og kvifor du søkjer, ein oppdatert CV, attestar og vitnemål, frå vidaregåande og oppover utdanningsvegen. Sendt på e-post eller i posten. Verre er det ikkje. Send søknaden til nynorskmediesenter@nrk.no