Dei siste to vekene har fire tidlegare nynorskpraktikantar fått fast arbeid i NRK. To i NRK Rogaland, ein i Dagsnytt og ein i Musikk-og nattredaksjonen på Tyholt. Fast arbeid i media er ikkje kvardagskost i desse tider, og vi i NRK Nynorsk mediesenter gler oss med dei.
Vi er stolte av at 80 % av dei 50 nynorskpraktikantane vi har sendt frå oss har arbeid i media. Fjorten av dei har fast arbeid, ti i NRK, resten i aviser og videoselskap,
Tyngda av dei arbeider i nyhenderedaksjonane på Marienlyst og distriktskontora.
Det er mest ikkje ein dag vi ikkje høyrer tidlegare praktikantar i Kulturnytt, Dagsnytt, Dagsrevyen og i distriktssendingane frå Rogaland til Nordland. Fleire av dei vert også brukte som produsentar og vaktsjefar, i NRK P3, Dagsnytt og Dagsrevyen, også ulike nettredaksjonar har nytte av folka våre. Målet vårt er å syne at nynorsk kan brukast til alt, over alt.
Tidlegare nynorskpraktikantar er programleiarar i så ulike sjangrar som TV-programmet ”Newton” i NRK1, lyrikkprogrammet ”Diktafon” i NRK P2, ”Nattønsket” i NRK P1 og utspørjingsprogramma i NRK Sogn og Fjordane.
Alle blir sjølvsagt ikkje i NRK. Tre tidlegare nynorskpraktikantar har fast arbeid i region-og lokalaviser. Ei får ikkje skrive nynorsk i Drammen, men i Volda og Bø får dei det. Ein annan tidlegare praktikant lagar undervisingsfilmar – på nynorsk – for grunnskulen, på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.
Dette ei spennvidde vi gler oss over. Slik skal det vere.