Søk
des 17

Posta av: Magni Øvrebotten
17.12.2009 14:46 

Ein kjenning, med røynsle frå tallause pressekonferansar, hevda ein gong at det var lett å sjå kven som var NRK-journalistar. Dei var som regel mest uflidde på håret og rufsete i klesvegen. Denne indirekte kritikken må ha treft. Det var utruleg lett å kome på konkrete døme og eg bestemte meg for å gjere mitt for å gjere omdøme vårt betre.

Det har gått ut over kull etter kull med nynorskpraktikantar. Dei får beskjed om å vere påkledde når dei kjem på jobb, i kle dei kan gå kvar det skal vere i. Utvaska t-skjorter, holete bukser og skitne gevantar er ikkje arbeidskle, same kva moten seier. Heller ikkje shorts, utrakorte skjørt, utringingar ned på navlen og sminke for teater. Med kle kan ein kle på - eller av seg - respekt og autoritet, nett slikt unge journalistar  treng mykje av. Det er det altfor få - både unge og eldre - som tek alvorleg. Eg rår slett ikkje til drakt, dress og slips. Berre vanlege, heile kle, der jobben og ikkje journalisten, vert lagt mest merke til.  

No er ikkje dette dei einaste råda dei får med på vegen. Eg legg mest vekt på at dei må fylgje godt med, vere aktive med idear og lette å få i arbeid. Vel vitande om at dei fleste redaksjonelle leiarar leitar etter allsidige, sjølvstendige, godt orienterte folk, som får jobben gjort utan syting og unødig støy. I sendingsorienterte verksemder som NRK er det dessutan viktig å vere presis, og ikkje komme slengande lenge etter at redaksjonsmøte har byrja. 

Eg prøver i det heile å gje nynorskpraktikantane innsyn i korleis eg tenkte - og tenkjer - når eg tilset folk. Eg er sikker på at dei tykkjer eg er ei gamal tante, og stundom lurer eg på om det er berre eg som er oppteken av korleis journalistar kler seg. Men eg er overtydd om at det er viktig for korleis dei vert oppfatta og respekterte av både publikum og dei vi skal lage innslag om. Så får eg heller vere ei gamal tante!          

 

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del:               

 

Magni Øvrebotten

leiar NRK Nynorsk mediesenter

Tlf.direkte: 57 72 42 30
Mobil: 970 55 201
E-post: magni.ovrebotten@nrk.no

 

Søk i Bloggen