Samina Bruket hadde oppdaga utlysinga av kull ni på Nav sine nettsider dagen før søknadsfristen gjekk ut. Ho var glad og overraska over å bli kalla inn til konferanse, og endå meir over å kome inn. Samina hadde denne utstrålinga det er få unnt å ha, den som går tvers gjennom tv-ruta. Berre sjå på Norge Rundt i kveld, så skjønar du kva eg snakkar om.
Ho er den fyrste - og til no den einaste - nynorskpraktikanten med fleirkulturell bakgrunn. Med far frå Pakistan og mor frå Stord. Ho lærde å snakke i Pakistan og kom til Rogaland som 2-åring. Takka vere ei ihuga målkvinne til mor vart det nynorsk i skulen for Samina, på vidaregåande i Stavanger var ho den einaste i klassen som nytta nynorsk.
Vi vil gjerne gje andre fleirkulturelle same sjansen som Samina. Men dei vert diverre tilbydde berre bokmål når dei skal lære norsk. Foreldra til dei som veks opp i nynorskområde får inntrykk av at det er bokmål dei må velje for ungane om dei skal kome seg opp og fram her i landet. No har eg ei lita von om at fleirkulturelle born og unge kan få eit anna førebilete i Samina.
Ingen nynorskpraktikant har gjort slik lynkarriere som Samina Bruket. Ho byrja på journalistopplæringa 25. august 2008, var ferdig 28. februar i år. Heldt fram i NRK Rogaland og fekk fast jobb der i august. Ho har jobba beinhardt for å bli god og har føtene godt planta på jorda. Dama har ryggrad til å tole fjernsynsmediet!
Lukke til Samina. Vi er stolte av deg!