Journalistane spør "Kva tenkjer du om det?" og intervjuobjekta svarar "Om det tenkjer eg". Eg har ei stygg kjensle av at det var journalistane som byrja med dette, for å gjere spørsmåla opnare og svara friare. No fortel politikarar, fagfolk og kvarmannsen kva dei tenkjer, men vi høyrer lite om kva dei meiner, føler og vil. Som regel ynskjer eg å få greie på det. Dessutan kan alt snakket om kva vi tenkjer lett avsløre at det ikkje er mykje. Svara vert utflytande, inkjeseiande og lite forpliktande. Kva engasjert debatt vert det om alle sit og tenkjer? Vel kan det vere nyttig før ein meiner noko, men no kjem dei færraste vidare til det stadiet. Eg ynskjer ein ny vår for å meine, kjenne og ville noko, og at media byrjar stille meir treffsikre spørsmål.