Eg er av den typen som lett tek standpunkt for eller mot noko, men i denne saka møter eg meg sjølv i ei svingdør. For her har eg i høgste grad ei fortid, og eg er ein tvilar.
Då eg byrja som journalist i NRK i 1980 rasa det ein intens debatt om vi skulle få bruke dialekt i det heile. Herbjørn Sørebø var leiar for det sokalla Sørebø-utvalet, og meinte at NRK skulle vere eit språkleg føredøme, der vi brukte anten nynorsk eller bokmål normaltalemål. Eg var ein ivrig forkjempar for bruk av dialekt, særleg i distriktssendingane. Som seinare distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane rekrutterte eg mengdevis av nynorskbrukarar, som vi lærde opp til journalistar, for både lokal- og riksnettet. Eg meinte det var viktig med lokale dialektar i sendinga, samstundes som eg heldt på nynorsknormalen i nyhendesendingane.
Midt på 1990-talet var eg med og kjempa for nye språkreglar der det skulle vere lov å bruke dialekt også i nyhendeintervju. Bakgrunnen var at Dagsrevyen ikkje ville bruke innslag frå distriktssendingane fordi dei tykte det var for mykje dialekt, og dette råka særleg innslag frå Nord Norge. Dagsrevyen la på nye røyster, stort sett austnorsk bokmål. Det meinte, og meiner eg, var gale.
I Språkutvalet i NRK utgjorde Herbjørn Sørebø og eg ytterpunkta, og utvalet var delt på midten. Vi vart sende til kringkastingssjef Einar Førde for at han skulle avgjere saka. Han visste kvar vi sto og slo fort fast: - Tida har gått frå meg og deg Herbjørn. Når vi er daue er det ingen som snakkar nynorsk lenger!
Dei er begge vekke, men denne setninga dukkar opp i hovudet mitt kvar gong det bles opp til debatt om dialekt eller nynorsk. Språkreglane frå 2007 opna for meir bruk av nynorsk i nyhendesendingane, det skulle vere opp til den einskilde redaktøren å avgjere kor mykje. Eg har vore redaktør i 14 år og veit at det ikkje er språket som ligg fremst i pannebrasken, og at språkrøkta vert vanskelegare når ein skal vurdere ho utifrå kvar einskild medarbeidar si dialekt. Då vert det veldig personleg og vanskeleg å ta tak i. Det lettaste kan bli å la vere.
Dei siste fem åra har eg drive med NRK Nynorsk mediesenter. Vi lærer opp ti nynorskbrukande journalistar i året, frå heile landet. Eg snakkar med omlag tretti søkjarar i året, mellom anna om forholdet deira til dialekta si og nynorsken. Sjølv folk frå nynorskland kan skrive i søknaden at dei er veldig opptekne av nynorsken, men når vi sjekkar bloggane deira så ser vi at dei skriv bokmål. Nokon er veldig opptekne av at dei snakkar dialekt, men det er ikkje lenger sjølvsagt at dei dermed skriv nynorsk.
Men det finst også dei som søkjer seg til NRK Nynorsk mediesenter for å få seg eit talemål, ein nynorsknormal å halde i. Dei har kanskje flytta ein del, hatt nynorsk i grunnskulen, men skifta til bokmål på vidaregåande. Haldningane dei møter hjå lærarar og omgangskrins er ofte viktige når dette valet vert teke, og foreldre som meiner at ein må bruke bokmål for å kome seg fram i verda. Etterkvart pregar skriftspråket deira også dialekta, og nokon føler at dei ikkje har noko dialekt att.
NRK må både auke den språklege toleransen vår og vere eit språkleg føredøme. Ein stad vi kan høyre ulike dialektar, samisk, nynorsk og bokmål. Ikkje minst av omsyn til dei som skal lære seg språka våre, både skulebarn og innflyttarar. Men også for å halde ved like og utvikle språka våre, og berge norsk som språk i Norge.
Eg er redd for at språket held på å bli ei privatsak, der vi er meir eller mindre eigna til å råde oss sjølve. Diverre kjenner eg også på ei uro for at det er nynorsken som er største taparen i dette spelet. Som profesjonelle mediefolk kan vi ikkje snakke like eins i studio som heime ved kjøkenbordet, og vi tek ikkje skade av å måtte tenkje gjennom kva språk vi brukar til ei kvar tid. Dessutan treng vi alle ei språknorm å halde oss til, fyrst og fremst i skrift, men for NRK-folk også i tale, til dømes når vi melder nyhende.