Søk
Bloggar: Magni Øvrebotten Lagt inn: 24.08.2009 21:54
dd

Eg rek mykje att og fram mellom Førde og Oslo for tida. Grunnen er at eg for to månader sidan fekk vervet som styreleiar i Språkrådet rett i fanget, utan varsel. 

Les heile innlegget »

I NRK Nynorsk mediesenter er vi stolte som høner når dei vi har lært opp som nynorskpraktikantar kjem seg fram i verda. 5. september debuterte Ingunn Thon som programleiar for barnetv kl.1800.

Les heile innlegget »

Søndag døydde kunstnaren Ludvig Eikaas, nær 90 år gamal. Jølstringen som vart ein av dei fremste fornyarane av norsk kunst etter siste verdskrig. Mannen bak det kjende kunstverket "Jeg" er borte.

Les heile innlegget »

I dag er ikkje Sylfest Lomheim lenger språkdirektør i Språkrådet. Det er sju år sidan han vart utnemnd til den fyrste språkdirektøren i landet, og i går gjekk han av. 

Les heile innlegget »

I går tok NRK Nynorsk mediesenter mot det trettande kullet med forventningsfulle nynorskpraktikantar. Vi brukar å fortelje dei kor priviligerte dei er som har kome inn på eit sopass eksklusivt opplegget, men under middagen med dei i går tenkte eg mest på kor heldige vi er som driv med dette. 

Les heile innlegget »

Både som foreldre og besteforeldre kjem vi i tvil om kor mykje vi skal rette på språket til ungar og borneborn. Særleg vi som er opptekne av å halde dialektane og nynorsken levande kjem i ei kattapine meir enn ein gong. 

Les heile innlegget »

Nemnda som skal revidere nynorsknormalen er for lengst i godt gjenge med denne viktige oppgåva, og alle kan fylgje arbeidet deira på ei eiga nettside på heimesida til Språkrådet. Det er viktig at vi meiner noko no, i staden for å skrike over oss etterpå.

Les heile innlegget »

Jakob Sande-selskapet skipar årleg til Fest i Fjaler etter inspirasjon av Jakob Sande sitt dikt "Då Gud heldt fest i Fjaler", 10. august 1954. Fyrste verset er slik :

Eg skal ikkje gløyme kvelden, augusikvelden, du veit,
eg låg utmed atranda og pilka den stunda då fisken beit.
I vest stod ei diger kveldsol og lutte mot himmelrand,
men dei var ei jordisk kveldsol som skein på ei jordisk strand.

 

Les heile innlegget »

I morgon er siste dagen for kull 12 som nynorskpraktikantar. Frå 1.juli må dei klare seg sjølve med arbeid.

Les heile innlegget »

Sist veke var det Fagdag i NRK og mellom emna som vart sette på dagorden var: Treng vi rusen?

Les heile innlegget »

Social Bookmarks
Del:               

 

Magni Øvrebotten

leiar NRK Nynorsk mediesenter

Tlf.direkte: 57 72 42 30
Mobil: 970 55 201
E-post: magni.ovrebotten@nrk.no

 

Søk i Bloggen