Søk
Bloggar: Magni Øvrebotten Lagt inn: 24.08.2009 21:54
dd

I morgon er siste dagen for kull 12 som nynorskpraktikantar. Frå 1.juli må dei klare seg sjølve med arbeid.

Les heile innlegget »

Sist veke var det Fagdag i NRK og mellom emna som vart sette på dagorden var: Treng vi rusen?

Les heile innlegget »

Dei to siste dagane har eg sett nemninga "nynorsk og norsk" brukt både på universitetsnivå og av målrockarar. Nokon tykkjest ikkje å ha fått med seg at norsk er samnemnaren for nynorsk og bokmål, dei to jamstilte målformene her i landet.  

Les heile innlegget »

Det er mykje som vert forventa av ein leiar i NRK Nynorsk mediesenter. I dag tidleg ringde Arve Uglum, frå lokalkontoret til NRK Sogn og Fjordane i Sogn, og lurde på om eg visste kvar ein fann teksten til "Målet hennar mor"? Eg sende han vidare til folka i Aasentunet, av eiga røynsle veit eg at dei er meir treffsikre i slike spørsmål. Ein knapp halvtime etterpå var eg invitert til å vere med i blandakoret som skulle synge songen. 

Les heile innlegget »

I dag hadde NRK Sogn og Fjordane eit innslag om kva handtrykket seier om folk. Eg er av dei som meiner det fortel mykje, om ikkje alt. Eit slapt handtrykk varslar meg om at personen er som handtrykket. Eg prøver alltid å unngå å tilsette folk med slappe handtrykk.

Les heile innlegget »

Frå Twitter og andre kjelder veit eg at det sit mange frustrerte søkjarar rundt om, som ikkje vert kalla inn til konferanse ein gong. Luksusproblemet er at det er så mange jamt gode søkjarar til kull 13. Og han eine frå Setesdal trekte seg etter at vi kalla han inn til konferanse! Men karen frå Skjåk kom!

Les heile innlegget »

 

Les heile innlegget »

NRK Nynorsk mediesenter er eit lite tiltak, med fire tilsett. Tre av dei er småbarnsmødre, den fjerde bestemor. Vi må planlegge godt og nøye "på lang sikt", som det heiter, for å få kabalane til å gå opp.  

Les heile innlegget »

I dag fekk eg ein ekstra god start på dagen. I hylla mi låg det noko så sjeldsynt som ein søknad frå Setesdalen. Det området har vore mest fråverande i søknadsbunken til NRK Nynorsk mediesenter. Han er garantert å kome inn til konferanse.   

Les heile innlegget »

For tida driv eg og skaffar praksisplassar til kull 12. Bestemmer i kva redaksjonar dei skal ha ekstern praksis i dei to siste månadane som nynorskpraktikantar. Korleis dei gjer det der er ofte avgjerande for om dei blir journalistar eller ikkje. 

Les heile innlegget »

Social Bookmarks
Del:               

 

Magni Øvrebotten

leiar NRK Nynorsk mediesenter

Tlf.direkte: 57 72 42 30
Mobil: 970 55 201
E-post: magni.ovrebotten@nrk.no

 

Søk i Bloggen