av Magni Øvrebotten den
25.05.2010 10:41
Det er mykje som vert forventa av ein leiar i NRK Nynorsk mediesenter. I dag tidleg ringde Arve Uglum, frå lokalkontoret til NRK Sogn og Fjordane i Sogn, og lurde på om eg visste kvar ein fann teksten til "Målet hennar mor"? Eg sende han vidare til folka i Aasentunet, av eiga røynsle veit eg at dei er meir treffsikre i slike spørsmål. Ein knapp halvtime etterpå var eg invitert til å vere med i blandakoret som skulle synge songen.
Les heile innlegget »
|
av Magni Øvrebotten den
11.05.2010 10:17
I dag hadde NRK Sogn og Fjordane eit innslag om kva handtrykket seier om folk. Eg er av dei som meiner det fortel mykje, om ikkje alt. Eit slapt handtrykk varslar meg om at personen er som handtrykket. Eg prøver alltid å unngå å tilsette folk med slappe handtrykk.
Les heile innlegget »
|
av Magni Øvrebotten den
04.05.2010 13:34
Frå Twitter og andre kjelder veit eg at det sit mange frustrerte søkjarar rundt om, som ikkje vert kalla inn til konferanse ein gong. Luksusproblemet er at det er så mange jamt gode søkjarar til kull 13. Og han eine frå Setesdal trekte seg etter at vi kalla han inn til konferanse! Men karen frå Skjåk kom!
Les heile innlegget »
|
av Magni Øvrebotten den
28.04.2010 11:38
Les heile innlegget »
|
av Magni Øvrebotten den
20.04.2010 10:41
NRK Nynorsk mediesenter er eit lite tiltak, med fire tilsett. Tre av dei er småbarnsmødre, den fjerde bestemor. Vi må planlegge godt og nøye "på lang sikt", som det heiter, for å få kabalane til å gå opp.
Les heile innlegget »
|
av Magni Øvrebotten den
07.04.2010 15:36
I dag fekk eg ein ekstra god start på dagen. I hylla mi låg det noko så sjeldsynt som ein søknad frå Setesdalen. Det området har vore mest fråverande i søknadsbunken til NRK Nynorsk mediesenter. Han er garantert å kome inn til konferanse.
Les heile innlegget »
|
av Magni Øvrebotten den
23.03.2010 12:57
For tida driv eg og skaffar praksisplassar til kull 12. Bestemmer i kva redaksjonar dei skal ha ekstern praksis i dei to siste månadane som nynorskpraktikantar. Korleis dei gjer det der er ofte avgjerande for om dei blir journalistar eller ikkje.
Les heile innlegget »
|
av Magni Øvrebotten den
18.03.2010 10:20
Å ha sterk vilje - det Kari Bremnes kallar "bevernylonvilje" - er ei gåve. Nokon av oss har så vi kunne delte med fleire, andre har for lite. Sjølv er eg sikker på at den dagen viljen sviktar meg er eg ille ute.
Les heile innlegget »
|
av Magni Øvrebotten den
15.03.2010 08:38
Bergens Tidende fortalde i går at Anne-Grete Strøm Erichsen "er enslig svale fra vest" i regjeringa. Slik vert det når ståstaden er Bergen.
Les heile innlegget »
|
av Magni Øvrebotten den
04.03.2010 09:42
I går la eg att mobiltelefonen min på arbeid. Oppdaga det ikkje før eg var vel heime og lurde eit tidendels sekund på om eg skulle køyre dei 20 minutta attende for å hente han. Men let det vere.
Les heile innlegget »
|