Søk
aug 24

Posta av: Magni Øvrebotten
24.08.2010 12:53 

I går tok NRK Nynorsk mediesenter mot det trettande kullet med forventningsfulle nynorskpraktikantar. Vi brukar å fortelje dei kor priviligerte dei er som har kome inn på eit sopass eksklusivt opplegget, men i går tenkte eg mest på kor heldige vi er som driv med Nynorsk mediesenter. 

Kull 13 teiknar til å bli eit samansveisa og godt kull. Dei hadde vore samla til heime-hjå-middag hjå den eine alt før dei møtte til fyrste "skuledag". I går kveld samla vi dei, tilsette, leiing og vaktsjefar i NRK Sogn og Fjordane til bli-kjend-middag på Kina- restauranten i Førde. Det var ei oppglødd stemning, praten gjekk lett og dei var så klare for å lære seg journalistfaget. Med seg har dei masse kunnskap og røynsle vi andre ikkje har, rundt bordet kunne dei til dømes snakke både italiensk, spansk, fransk, russisk og kinesisk. 

Det er eit privilegium å få i hus fem ressursrike ungdommar kvart halvår, lære dei gleda ved journalistikk og nynorsk eterspråk, sjå dei vekse med oppgåvene og tole å bli kasta på djupt vatn. Det kan vere tunge stunder for alle partar, då vi ikkje skjønar korleis dette skal gå. Men neste dag byr på blanke ark og nye sjansar til å syne kva dei er gode for.

Å få denne foten innanfor i NRK er gull verdt i dagens arbeidsmarknad i media, og dei fleste skjønar det. Det gjeld å vere allsidig og fleksibel, ta dei jobbane som byr seg og syne seg god nok for nye. Det syner seg stadig å vere ei god oppskrift. Siste døme på det er tidlegare nynorskpraktikant Ingunn Thon (1986).

Vi tok ho inn på kull 10 fordi ho hadde slik lyst til å arbeide for og med ungar i media, og personlegdomen såg ut til å stemme med draumen. Ho hadde dette "det" for skjermen. Etter opplæringa her fekk ho ekstern praksis i NRK Super og tilkalling der etterpå. Ved juletider 2009 vart ho fast tilsett som produksjonsassistent i NRK Super, og har attår den jobben gjeve lyd til ymse dyr i barnetv. I haust går ho frå å vere anonym høne til  programleiar for barnetv kl.1800. Snakk om lynkarriere!

Ho kjenner seg nok priviligert, men det gjer også vi som plukka ho ut og gav ho opplæringa. Stolte og glade, og overtydde om at vi gjer ein viktig jobb både for NRK og nynorsken.   

Tags:

Kommentar

Sv: Priviligerte folk

Heilt sant alt! Lukke til med nyekullet!

Ved Geirmund den   25.08.2010 12:19

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del:               

 

Magni Øvrebotten

leiar NRK Nynorsk mediesenter

Tlf.direkte: 57 72 42 30
Mobil: 970 55 201
E-post: magni.ovrebotten@nrk.no

 

Søk i Bloggen