Søk

Magni Øvrebotten

Magni Øvrebotten (1954) har vore leiar for NRK Nynorsk mediesenter sidan starten i 2004.

Frå 1990 til 2004 var ho distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, redaksjonssjef frå 1985-1990 og journalist same stad frå 1980-85. Ho har elles arbeidd i fleire aviser.

Noverande verv

Magni Øvrebotten er med i nemnda som førebur markeringa av 100-årsdagen for forfattaren Jan-Magnus Bruheim i 2014. Dei fire andre medlemmane i nemnda
er alle frå heimkommunen hans, Skjåk. Bruheim døydde i 1988.
- Grunnen til et eg sa ja til å vere med i Bruheim-nemnda er at eg tykkjer Jan-Magnus Bruheim har fått altfor lite heider for alt det flotte han skreiv. Eg møtte han fyrste gongen som ung journalist i Skjåk i 1978, og det møtet gjorde at han flytta til heimbygda mi Botnane, og vart der i sju år. Han hadde alltid drøymt om å bu ved havet og kom tilfeldigvis til å nemne det, seier Magni Øvrebotten.

Trekte seg frå Språkrådet

Øvrebotten var med i interrimstyret for det nye Språkrådet frå 2004-2006, og var nestleiar i styret for Språkrådet 2006-2010. 
13. august 2010 trekte Ida Berntsen seg som styreleiar på dagen, og Øvrebotten tok over. 14. oktober 2010 trekte Øvrebotten seg som fungerande leiar i Språkrådet i protest mot både prosessen og resultatet av sju månaders arbeid for å finne ein ny språkdirektør. Tre andre styremedlemmer gjorde det same. Eit samrøystes styre hadde rådd til at professor Kjell Lars Berge skulle tilsettast, men kulturministeren ville ikkje ha han som språkdirektør.

Lærde å stå på

Magni Øvrebotten er fødd 12. juni 1954 og kjem frå Botnane i Bremanger. Ho vaks opp på gard og lærde tidleg å arbeide. - Når ein veks opp i små bygder som Botnane lærer ein at ingenting gjer seg sjølv, og at ein må stå på sjølv for det ein vil ha gjort. Det hjelper lite å sitte og syte og tru andre gjer jobben for ein. Det har vore ein viktig lærdom for meg, særleg som leiar, seier Øvrebotten.

Overlevde Gula Tidend

Magni bestemte seg for å bli journalist då ho var åtte år. Fyrste journalistjobben var som sommarvikar i Gula Tidend i 1971, 17 år gamal. I journalistkrinsar i Bergen heitte det seg då at "overlever du i Gula så er det ikkje anna råd enn at du må bli journalist ".
I attesten skreiv Gula-redaktøren Per Håland: " Magni var ikkje med og fann opp krutet, men ho stod farleg nær då det small ". 
 
Gula Tidend var dåtidas  "Nynorsk mediesenter", der mange nynorskbrukande ungdommar starta journalistkarriera si. Sommaren i Gula Tidend gav slik meirsmak at det neste vart Norsk Korrespondanseskule sitt kurs i "Journalistikk", med presselegenda Carl Just ( han som starta Journalisthøgskulen) som entusiastisk lærar. Det var medan ho gjekk Fjordane folkehøgskule på Nordfjordeid 1971-72, før engelsklina på Flora gymnas 1972-75.

Truga med oppseiing i Nationen

Ho var innom Bergens Arbeiderblad og Firda i sommarjobbar, og etter gymnaset arbeidde ho eitt år i Nationen i Oslo, frå 1975-76. Der var det på den tid ein ihuga nynorskhatar som var nyhenderedaktør. Han mislikte sterkt at sjefredaktør Dagfinn Vårvik hadde teke inn denne nynorskbrukande senterungdomen frå Vestlandet. Ho vart truga med oppseiing om ho ikkje slutta å skrive nynorsk. Det nekta ho og synte til at redaktøren av "bygdefolkets riksavis" tvert om hadde lova at ho skulle få skrive nynorsk der. Det var sikkert ei stor lette for nyhenderedaktøren då ho slutta for å byrje på Norsk Journalisthøgskule i 1976.

Då ho var ferdig der i 1978 var ho med på eit heller mislukka prosjekt med å drive lokalavisa "Dølaposten" på Otta, ei nynorsk bygdeavis for sju kommunar i Nord Gudbrandsdalen. Hausten 1980 vende ho heimatt og byrja i NRK Sogn og Fjordane.

Var politisk aktiv

På 1970-talet var Magni Øvrebotten aktiv i Senterungdommens Landsforbund. Frå 1975-78 var ho organisatorisk nestleiar i sentralstyret. Det var då den sokalla "Hedmarks-geriljaen" og Senterungdommen kjempa mot sonderingar og regjeringssamarbeid med Høgre. Dei tapte. Magni forlet Senterungdommen og Senterpartiet i 1978 og har ikkje vore politisk aktiv etter det.

- Undervurder aldri folk med praksis frå Senterpartiet, brukte Einar Førde å seie. Han meinte dei hadde gått i ein hestehandlarskule utan sidestykke. Magni meiner sjølv at politisk aktivitet - i same kva parti det er - er den beste samfunnslæra som finst, særleg for journalistar.

I studietida var ho og med i styra i Kringkastingsringen og Noregs Mållag, men la alt organisasjonsliv på hylla då ho byrja i NRK.  

Siste innlegg frå bloggen min

 

Styrkjer bokmålet
(24.01.2012)
Avholdsfolk
(20.01.2012)
Wordfeud på nynorsk
(12.01.2012)
Det nyttar å øve
(06.01.2012)

 

 

Magni Øvrebotten, leiar

Tlf.direkte: 57 72 42 30 Sentralbord: 57 72 42 42

Mobil: 970 55 201

E-post: magni.ovrebotten@nrk.no