I dag er ikkje Sylfest Lomheim lenger språkdirektør i Språkrådet. Det er sju år sidan han vart utnemnd til den fyrste språkdirektøren i landet, og i går gjekk han av. Sidan eg er fungerande styreleiar i Språkrådet vart det mi oppgåve å takke han frå styret. Slike dagar tek ei ofte store ord i munnen, eg kalla han "folkets språkdirektør", og eg meiner det. Her er heile talen:
- Han Sylfest har vore her, seier folk med stoltheit og glede i blikket. Over heile landet.
Du har vorte folkets språkdirektør. Det er fordi du har ei uvanleg evne til å snakke enkelt og levande – og med eit engasjement for språk som ein sjeldan møter.
Du har reist land og strand rundt, i utland med, og aldri spart deg når nokon spurde om du kunne kome. På same vis har du yppa til debatt og gjerne delteke i debattar om språk i Norge – og alt det inneber.
Ingen byråkrat
Blant dei som reknar seg til dei ”meir lærde stande” – for å sitere Jakob Sande – har det unekteleg vore dei som tykte at du kunne gått meir i djupna og brukt finare fagord. Ja, i det heile halde deg meir i ro på kontoret og sysla med viktigare ting enn å fare og reke. Vorte den byråkraten du aldri kunne bli.
Og godt er det.
Som den fyrste språkdirektøren i landet makta du å gjere Språkrådet kjendt og få fram kva vi driv med – og viktigast av alt – at språket vårt vedkjem alt og alle.
Her har du sett ein standard som alle seinare språkdirektørar må strekke seg etter.
Meir frykt enn vilje
Som person er du Sylfest fyrst og fremst snill og blid. I moderniseringa av Språkrådet har du nok stundom kjent deg som Oddvar Torsheim sin ”Skakk-køyrde blåveis-syklist
Særleg i spennet mellom skiftande styre, som ville gå fort fram, og di urokkelege tru på at det løner seg å ta menneskelege omsyn.
Du kom til eit nokså stivna system, der det var meir frykt enn vilje til forandring. Der fleire av oss ville skjere gjennom tok du tida til hjelp, og etterlet deg eit heilt anna Språkråd enn det du kom til.
Ikkje dermed sagt at det ikkje er meir å gjere, men du kan reise heim til Kristiansand og professorstillinga di der og vere stolt av den jobben du har gjort i sju år.
Som minne frå styret får du den før omtalte ”Skakk-køyrde blåveis-syklisten” av Oddvar Torsheim, ein kunstnar frå Sunnfjord som høver deg både i lynne og humor.
Stor takk og lukke til med meir gangs arbeid!