Søk
mar 4

Posta av: Magni Øvrebotten
04.03.2010 09:42 

I går la eg att mobiltelefonen min på arbeid. Oppdaga det ikkje før eg var vel heime og lurde eit tidendels sekund på om eg skulle køyre dei 20 minutta attende for å hente han. Men let det vere.

Det var ingenting som "stod på" korkje i arbeid eller privatliv, og dei som måtte ha tak i meg kunne ringe meg på telefonen heime. Slik trøsta eg meg med at mobilen låg godt på kontoret.

Eg kjende likevel på kor avhengig eg har vorte av denne telefonen, at det er tryggast å ha han med over alt.  Det  skulle salige Harald Bøe ha visst, han som påla meg å ha med den svære - knapt bærbare - mobilen då eg vart distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane i 1990. Mobilen fylgde jobben og Bøe var av dei mest heilfrelste i heile NRK for mobiltelefonar, slik han var for det meste nye innan data og teknikk. Og eg var ein mest like stor vegrar. Eg forbante mobiltelefonen og alt hans vesen.

Men etter kvart som mobilane vart mindre vart dei med meg i veska, jakkelommen og på nattbordet. Eg lærde meg å vere tilgjengeleg over alt, og det er ikkje noko ein kan lære seg av med. Likevel prøver eg å legge han i veska når eg er på møter, føredrag og samlingar, og ikkje innbille meg at eg er så viktig at mobilen må ringe og eg springe på dør midt i møte. Mobilen kan i alle høve settast på "stille" og ligge framfor meg om eg må vere tilgjengeleg for familie eller arbeidsplass.

Stundom lurer eg på om mange trur at dei ikkje er "viktige nok" om mobilen ikkje styrer dagen deira? Det slær meg ofte på møter, konferansar og kurs kor vi stadig vert avspora av mobilar som ringjer og folk som kjem og går av den grunn. No er det heller ikkje berre mobilen folk har med seg over alt, mange har datamaskina på knea og skriv i veg, medan det står ein stakkars innleiar og lurer på om nokon i det heile bryr seg med kva han seier.

Nyleg var det oppslag i avisene om at mange lærarar ynskjer datamaskinene ut av skulen fordi elevane er meir opptekne med dei enn av undervisinga. I går høyrde eg om eit møte for skuleleiarar der mange hadde med seg pc-en på fanget, og "fekk gjort mykje" medan møte gjekk sin gang. Vi får openberrt dei ungane vi fortener!

Til sjuande og sist handlar det mest om folkeskikk og respekt for andre.     

  

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del:               

 

Magni Øvrebotten

leiar NRK Nynorsk mediesenter

Tlf.direkte: 57 72 42 30
Mobil: 970 55 201
E-post: magni.ovrebotten@nrk.no

 

Søk i Bloggen