Søk
sep 21

Posta av: Geirmund Henjum
21.09.2009 12:59 

Tre av fem nynorskpraktikantar har førebels ikkje førarkort. Det går, men i lengda blir det omtrent som å vera bloggar utan pc – ein blir noko hjelpelaus.

Men rådlause er vi ikkje. Underteikna sin gamle sykkel, ein noko rusta Crescent, ca.1985-modell, har ved fleire høve synt seg god nok til utrykkingsoppdrag i Førde.

Bjørn Ivar har nærast gjort det til ein vane å nytta seg av sykkelen min når han lagar øvingsoppgåver rundt om i Førde. Og kvifor ikkje? Den storhjula sykkelen går som ei kule, han er miljøvenleg og så slepp karen å irritera seg over manglande parkeringsplassar i bilmekkaet midt i fylket.

Når eg ser Bjørn Ivar kastar seg på sykkelen, med notatblokk og opptakar i lomma, minnest eg Sogn på 70-talet og journalist Kåre Haugen og redaktør Hans Arnesen.

Haugen var storbrukar av Sogn Billag sine rutebussar. I nærområdet på Hermansverk var han støtt å sjå, syklande og nynnande på vegen for avisa "Sogn og Fjordane". Arnesen var ein legendarisk, buss- og båtreisande redaktør i konkurrenten "Sogningen" på Leikanger, om han då ikkje kommanderte ein journalist til å køyra seg.

Desse karane hadde ikkje førarkort, men fekk fylt opp spaltene med lokalstoff lell. Eg trur ikkje dei ville ha lappen heller, og etter som åra gjekk kunne sikkert medtrafikantane prisa seg lukkeleg over at dei aldri sette seg bak eit ratt.

Men i vår tid lagar ein seg trøbbel viss ein vil vera førarkortlaus journalist. I radio og TV må ein ut og møta folk. Dei mest interessante menneska sit sjeldan på trappa utanfor redaksjonen. Difor har Magni, Randi og eg vore litt brutale og sagt at skal praktikantane bli journalistar, må dei skaffa seg førarkort. Så får vi heller bli hudfletta for at vi stimulerer til auka klimautslepp. Og dei håpefulle har skjønt bodskapen.

Inntil vidare går det greit med heile gjengen, også dei tre førarkortlause. Før dei spanderer på seg lappen får vi føresette stilla opp så godt vi kan, med utlån av sykkel og som sjåførar på korte reiser. I dag køyrde eg Sara til Naustdal. Medan ho gjorde opptak, brukte eg halvtimen til å stikka innom ein kompis eg ikkje hadde snakka med på eit halvt år. Kaffi fekk eg og.

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Geirmund Henjum, faglærar.

Tlf.direkte: 57 72 42 74.

Sentralbord: 57 72 42 42.

Mobil: 974 03 861.

E-post: geirmund.henjum@nrk.no
 

 

Søk i Bloggen