Søk

Kull 15 frå venstre: Sondre Dalaker, Lars Erik Andreassen, Maria Pile Svåsand, Agnese Bremere og Susanne Egset (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Journalistopplæring i NRK? Søk praktikantkurset!

Vi har lært opp 70  nynorskpraktikantar sidan starten i 2004. Per 17. januar 2012 har 71,5 % av dei heil- eller deltidsarbeid i media, 40 arbeider i NRK. 26 har fast arbeid, 20 av dei er i NRK, elles er dei tilkallingsvikarar eller vikarar.

Dei faste søknadsfristane til NRK Nynorsk mediesenter er 15. april og 15. oktober. Halvårskursa startar i januar og august. B
ruttoløna er 14.700 kroner i månaden

Ingunn Solheim intervjuar Jens Stoltenberg for Dagsrevyen (Foto/NRK)

Gjesteførelesarane våren 2012

I tillegg til eigne lærekrefter og tilsette i NRK Sogn og Fjordane har vi ein god del gjesteførelesarar om nynorsk og journalistikk for kvart kull. 
Denne våren kjem mellom andre Annette Groth i Urix i NRK 2, Harald Thingnes i NRK Sporten, Ingunn Solheim, politisk reporter i NRK Dagsrevyen og Odd Isungset, påtroppande leiar for Brennpunkt-redaksjonen i NRK. Sjå heile lista her

 

Meir informasjon

Kva krevst?
Her finn du meir om kva vi legg vekt på.

Opplæringa
Sjå meir om opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter. 

Betalt opplæring
Nynorskpraktikantane har ei bruttoløn på kr.14.700 i mnd.

Positiv særbehandling
Nynorskpraktikantane vert rekna som interne søkjarar.