Søk

Bjørn Ivar Voll, Simon Solheim, Mathias Oppedal, Solveig Jølstad, Aleksander Vallestad og Sara Myhren Kornberg. Foto: Randi Indrebø/NRK- - NRK Nynorsk mediesenter og NRK FleRe er del av ein bevisst rekrutteringspolitikk i NRK. Difor er det viktig at vi tilset dei vi har tru på, seier organisasjonsdirektør Solveig Jølstad i NRK. Her vitjar ho kull 11 den 31.august 2009.

Positiv særbehandling

Då NRK innførde tilsettingsstopp i 2008 vart det bestemt at  praktikantane frå NRK Nynorsk mediesenter og FleRe skulle reknast som interne søkjarar, fordi desse to opplæringane er strategiske rekrutteringstiltak i NRK.  Dette vedtaket står ved lag i direktørmøtet sitt vedtak om "Ansettelseskontroll i NRK ", frå 5. januar 2011:

"Kandidater fra rekrutteringsprogrammene FleRe og Nynorsk mediesenter skal prioriteres til stillinger de er fullt kvalifisert for, fremfor eksterne kandidater og andre midlertidig ansatte. Fortrinnet gjelder i inntil tre år etter avsluttet program. De samme reglene for lovlig midlertidig ansettelse gjelder for disse som for andre midlertidige". 

 

Meir informasjon

Kva krevst?
Her finn du meir om kva vi legg vekt på.

Opplæringa
Sjå meir om opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter. 

Betalt opplæring
Nynorskpraktikantane har ei bruttoløn på kr.14.700 i mnd.

Positiv særbehandling
Nynorskpraktikantane vert rekna som interne søkjarar.