Søk

Nynorskpraktikant Mathias Oppedal. Foto: Simon Solheim/NRK

Opplæringa

Opplæringa går over to månader med innføring i språk, journalistikk, data og teknikk, og fire månader med praktisk arbeid. Fyrste praksistida er i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, dei to siste månadane i andre redaksjonar, i og utanfor NRK.
 
Opplæringa er tufta på "lære-med-å-gjere-det-metoden", med mykje praksis og mindre med teori. Det er mykje som skal lærast og praktiserast på kort tid, og det krev stor innsats av den einskilde.

Brukar ressurspersonar

Dei to første månadene skal praktikantane øve seg i å bruke journalistiske og tekniske verktøy, basert på teoretisk og praktisk undervising. Eigne lærarar og innleigde ressurspersonar innan nynorsk og media står for undervisinga.

I denne perioden skal praktikantane lære å bruke Maycom, opptaksutstyr for radio, Digas, redigeringsutstyr for radio, ENPS, tekstbehandlingsverktyet til NRK, P2 kamera, til fjernsynsopptak og Final cut, som er redigeringsprogrammet for fjernsyn.

I tillegg får praktikantane opplæring i nettpubliseringsverktya Polopoly og DotNetNuke. Kvar praktikant får disponere eit digitalt spelfeflekskamera, og får opplæring i å ta stillbilete til Internett på systema til både NRK og NRK Nynorsk mediesenter.

Den teoretiske opplæringa for radio- og fjernsynsreportasjen byggjer på NRK sin Fokus og APUS-modell.
 
I dei to neste månadene skal praktikantane ha praksis i det nynorske nyhendemiljøet ved NRK Sogn og Fjordane. Målet er at produkta skal sendast. I denne perioden blir praktikantane rettleia og får tilbakemeldingar frå både vaktsjefane, lærarane og medarbeidarane i redaksjonen.

I dei to siste månadene er nynorskpraktikantane utplasserte i andre redaksjonar, både i og utanfor NRK, der dei skal få praksis i radio-, fjernsyns- og nettjournalistikk.

PC og Mac

Kvar praktikant har sin eigen PC. I tillegg har vi to MAC'ar for redigering av TV-innslag i programmet Final cut.

Vi nyttar og videoprojektør og storskjerm i undervisinga. I tillegg kan utstyret til NRK Sogn og Fjordane, t.d. kontormaskiner, bilar, studio og opptaks- og redigeringsutstyr for radio og fjernsyn, nyttast av NRK Nynorsk mediesenter når desse ressursane er ledige.

NRK Nynorsk mediesenter har felles resepsjonsteneste med NRK Sogn og Fjordane.

NRK Nynorsk mediesenter har tre fast tilsette  - ein dagleg leiar og to faglærarar
 
 

Meir informasjon

Kva krevst?
Her finn du meir om kva vi legg vekt på.

Opplæringa
Sjå meir om opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter. 

Betalt opplæring
Nynorskpraktikantane har ei bruttoløn på kr.13.500 i mnd.

Positiv særbehandling
Nynorskpraktikantane vert rekna som interne søkjarar. 

Praktikantane bloggar