Søk

 

Alekasander Vallestad intervjuar Sylfest Lomheim Foto: Simon Solheim/NRK-

Kva krevst for å bli nynorskpraktikant?

Vi leitar etter engasjerte folk, nynorskbrukarar, som vil bli journalistar. Minstekravet til utdanning er at du har fullført vidaregåande skule, men utover det tilset vi folk med både lite og mykje utdanning.

- Fyrste bod er å skrive ein god søknad, ikkje berre nokre linjer som vedlegg til CV-en,  seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Det er ho som les alle søknadane, kallar inn til intervju og studiotest, og tilset saman med ein av faglærarane.   
 

"Hestekur" i journalistikk
- Vi søkjer etter nynorskbrukande ungdom som vil bli journalistar og har eit medvite forhold til språket sitt. Dei bør vere opptekne av kva som skjer i verda, både lokalt, nasjonalt og globalt. Opplæringa på seks månader er ein hard "hestekur", difor er det viktig å vere skikkeleg motivert for dette og ha vilje til stor eigeninnsats. Journalistikken treng folk med ulike dialektar, bakgrunnar og utdanningar, og vi prøver å rekruttere slik at vi medverkar til det. 

Gode forteljarar
For å kome inn på NRK Nynorsk mediesenter er det viktig med ein god søknad, som syner forteljaren i deg. Vi leitar etter folk som har noko å melde og som vi får tru på kan bli gode forteljarar som journalistar. Fyrste høve til å syne det er i søknaden.

- Eit godt og medvite forhold til dialekta si og nynorsken er sjølvsagt og viktig. Dette er ikkje staden der ein "lærer å bli nynorsk", som nokon spør om. Det må dei ha med seg, og dei må ville bruke nynorsk som journalistar, elles fyrer vi for kråkene, seier Øvrebotten.
 
Lyst til å bli journalistar 
Til dei femten kulla vi har teke inn har det vore mellom 25 og 62 søkjarar. Mellom åtte og seksten har vore inne til intervju, språk- og studiotest kvar gong. På kvart kull er det ei blanding av dei høgt utdanna og dei ivrige som berre veit at dei vil bli journalistar. Dei dreg vekslar på kvarandre, deler på kunnskapen dei har på ulike felt, og vert som oftast ein samansveisa gjeng.

Dei fem praktikantstillingane vert lyste ut i mars og september. Utlysingane kjem fast på nettsida vår, jobbsidene til NRK, tekst-tv, nynorsk.no og i vekeavisa Dag og Tid. Søknadsfristane er 15.april og 15.oktober. 

Lære-med-å-gjere-det-metoden
Vi driv opplæring etter "lære-med-å-gjere-det"- metoden, med fire månader i Førde med teori og praksis, og to månaders praksis i andre redaksjonar, i og utanfor NRK.

Det er korkje bindingstid eller garanti om arbeid etter avslutta opplæring. Halvåret i NRK Nynorsk mediesenter gjev ikkje studiepoeng eller tenestetid i NRK. Men det kan gje deg ein fot inn i eit spennande yrke, NRK og andre medieverksemder, om du er dyktig nok. På jamnen har mellom 70 0g 80 prosent av dei vi har lært opp heil - eller deltidsarbeid i media, tyngda i NRK.

Meir informasjon

Kva krevst?
Her finn du meir om kva vi legg vekt på.

Opplæringa
Sjå meir om opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter. 

Betalt opplæring
Nynorskpraktikantane har ei bruttoløn på kr.14.700 i mnd.

Positiv særbehandling
Nynorskpraktikantane vert rekna som interne søkjarar. 

Praktikantane bloggar