Betalt opplæring
Nynorskpraktikantane vert tilsette i NRK for seks månader og får 14.700 kroner i brutto løn i månaden. Men halvåret som praktikant vert ikkje rekna som tenestetid i NRK.
NRK Nynorsk mediesenter lønnar også praktikantane dei to siste månadane i ekstern praksis. Redaksjonane som tek mot dei får 7000 kroner per månad for å gje dei ein dyktig fadder, som får tid og høve til å rettleie praktikantane attåt eigne gjeremål.
Halvåret som praktikantar vert ikkje rekna som tenestetid i NRK, og det er korkje bindingstid eller garanti om arbeid etterpå. Men sidan 2008 har NRK gjeve nynorskpraktikantane positiv særbehandling, det siste vedtaket om det er frå direktørmøte i NRK 5. januar 2011.
Skaffar hyblar
Vi skaffar hyblar til praktikantane i Førde, men husleiga må dei betale sjølve.