Søk

Frå venstre: Magni Øvrebotten, Gry Molvær, Olaug Nilssen og Tom Hetland

Juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Frå venstre sekretær Magni Øvrebotten, leiar Gry Molvær, Olaug Nilssen og Tom Hetland. Foto : Geirmund Henjum/NRK.

Kulturdepartementet sin nynorskpris 

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vart oppretta i 2004,  i samband med opninga av NRK Nynorsk mediesenter.  Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Fristen for å kome med grunngjevne framlegg til prisvinnarar er 1. mars og prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta i juni kvart år.

Privinnarar 2006-2010

Journalist Linda Eide i NRK var den fyrste prisvinnaren i 2006. I 2007 fekk Kjell-Erik Kallset, leiar for politisk avdeling i Dagsavisen, prisen. Nyhendeanker Odd Reidar Solem i TV 2 fekk han i 2008 og i 2009 var programleiar og platepratar i NRK P3, Ronny Brede Aase prisvinnar. NRK-journalist Astrid Brekken fekk prisen i 2010. 

Ny frist for framlegg

Gry Molvær (Foto: Cathrine Dilner Hagen)

Frå 2011 vert 1.mars fristen for å kome med framlegg til kven som bør få Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Før om åra har fristen vore 1. mai. - Vi ynskjer både fleire framlegg og betre tid til å avgjere prisen. Trur kanskje at folk legg meir merke til utlysinga i februar enn i april, seier Gry Molvær, leiar for juryen.

Føremålet med prisen

Føremålet er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre.

Juryen

I juryen sit NRK-journalist Gry Molvær (leiar), sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattar Olaug Nilssen. Magni Øvrebotten er sekretær.

Framlegg til 1. mars

I februar kvart år vert prisen lyst ut og fristen for å kome med eit grunngjeve framlegg er 1.mars.

Prisvinnarane

Her finn du meir om dei som har fått prisen frå 2006-2010.

Årsrapportar

Kulturdepartementet får ein årsrapport vedkomande prisen. Dei kan du lese her