Prisvinnarane
2011 - Njord V. Svendsen

Njord V. Svendsen (Foto: Foto: Teresa Grøtan)
Fødd 1973. Frå Brattvåg på Sunnmøre. Slutta som journalist i Bergens Tidende ei veke før juryen gav han denne prisen. Etter 5-6 år som mellombels tilsett i avisa ynskte han seg fast arbeid, og byrja som kommunikasjonsrådgjevar for NIFES – Nasjonalt Institutt for ernærings- og sjømatforsking i Bergen.
Njord V. Svendsen har ein mastergrad (Master of Arts) i media og kulturstudier frå University of KwaZulu-Natal i Durban, med ei masteroppgåve om miljøjournalistikk i Sør-Afrika. Cand. mag frå Universitetet i Bergen (historie, engelsk og samanliknande politikk).
Juryen seier mellom anna dette om prisvinnaren i 2011:
- Njord V. Svendsen har dei siste åra markert seg som ein av dei ypparste feature-, reportasje- og portrettjournalistane i Noreg uavhengig av målform. Det er difor ekstra gledeleg at han skriv på nynorsk.
Han er ein kresen stilist, og tekstane er gjennomgåande av høg litterær kvalitet: han har utvikla ei eiga røyst som lesarar av Bergens Tidende no straks vil kjenne att. Dei er virtuose, men aldri prangande eller pompøse. Dei er jordnære, men til same tid undrande og spørjande. Tekstane står seg over tid.
2010 - Astrid Brekken

Fødd i Lesja i 1943. Journalist og programleiar i NRK, mellom anna i P2-programma ”Sånn er livet” og ”På livet laus”. Det finst mest ikkje eit emne Brekken ikkje har teke føre seg og laga god journalistikk av sidan ho byrja i NRK i 1971.
Astrid Brekken var med og skipa bladet Sirene i 1973, "eit feministisk alternativ til vekeblada". Ho var den fyrste kvinnelege redaktøren for Syn og Segn 1980-83, saman med Sigrid Straand, og Brekken har vore aktiv i ei rekkje organisasjonar.
Ho fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2010 og i grunngjevinga sa juryen mellom anna:
- Astrid Brekken har i ein kvinnealder vore markant til stades i norsk samfunnsdebatt på mange arenaer, og heile tida har ho hatt eit svært medvite forhold til nynorsk.
- Ho er ein nyfiken og intellektuell journalist, oppteken av korleis vi lever liva våre i både bygd og by, lokalt og internasjonalt.
- Astrid Brekken er eit naturleg førebilete for yngre kollegaer, og nyt stor respekt i NRK, utan å framheve eigen kunnskap og dugleik. Ho har heile tida nytta ein nynorsk med Brekken-signatur; sobert, og med eit svært medvite forhold til tillatne former som høver til dialekten hennar frå Lesja.
2009 - Ronny Brede Aase

Fødd i Førde i 1986. Journalist, programleiar, platepratar og bloggar i NRK P3 sidan 2007. Byrja som sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane då han var 19 år, for å vere nettjournalist, men arbeidde med både nett, radio og fjernsyn.
Då han fekk Kultur-og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2009 sa juryen:
- Kritiske røyster vil kanskje meine at plateprating og blogging er lettbeint journalistikk, men i år har juryen lagt vekt på at prisvinnaren når ungdom i ein alder då dei språklege haldningane vert forma og vala tekne. Ronny Brede Aase sin naturlege og trygge bruk av nynorsk/dialekt kan vere eit føredøme og auke toleransen og forståinga. I tillegg brukar han god og stødig nynorsk når han skriv for NRK P3 på nettet og i bloggen sin.
2008 - Odd Reidar Solem

Fødd i 1949, på Gossen i Aukra kommune. Nyhendeanker og journalist i TV 2, der han har arbeidd sidan 1993. Han gjekk på det fyrste kullet ved medielina på Høgskulen i Volda i 1973. Har vore journalist i Romsdal Folkeblad, Romsdals Budstikke og i NRK 1977-1990. Frå 1990-93 var han redaktør i Romsdals Budstikke.
Odd Reidar Solem fekk Kultur-og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2008. I grunngjevinga til juryen les vi:
- Prisvinnaren har i mange år skilt seg ut med å bruke ein levande nynorsk som journalist i avis, radio og fjernsyn. Han er ei kjend røyst frå både NRK og TV 2, som meldingslesar, programleiar, vaktsjef og reporter, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Når han helsar sjåarane velkomen seier han : " Retteleg god kveld". Slik markerer han kva som er målforma hans, og han er kry av nynorsken!
2007 - Kjell-Erik Kallset

Fødd i 1967, Tingvoll på Nordmøre. Leiar og journalist i Dagsavisen og forfattar.
Cand. philol, med hovudfag i historie. Har var journalist i Bygdanytt i Fræna, Driva og Aukra Avis og informasjonssjef i Nei til EU, før han byrja i Arbeiderbladet (no Dagsavisen) i 1997.
I 2007 fekk han Kultur- og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar. Juryen skreiv mellom anna:
- Kjell-Erik Kallset har kjempa seg til å skrive nynorsk, og var den første tilsette i Dagsavisen som fekk nytte denne målforma. Han har merka seg ut med ein stilsikker og fargerik nynorsk i kommentarform. Stilen er ledig og leiken, men har samstundes ein kvass egg, retning og djupne, slik politiske kommentarar skal ha.
2006 - Linda Eide

Fødd på Voss i 1969. Journalist i NRK. 19 år gamal byrja ho på Journalistskulen, der ho skreiv ei hovudoppgåve med tittelen "Er det språktvang i den frie pressa?" Linda Eide har arbeidd i NRK Sogn og Fjordane, NRK Hordaland, NRK P3 og P1, og i NRK fjernsynet, med base i Bergen. Forfattar og kåsør.
I 2006 var ho den fyrste som fekk Kultur - og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar. I grunngjevinga til juryen heitte det mellom anna:
- Linda Eide er mest ein eigen sjanger i norske media. Aktiv i både radio, fjernsyn og aviser, som journalist, kåsør og forfattar. Ho er tydeleg stolt av nynorsken sin, og har vore ein forkjempar for bruk av nynorsk i norske media.