
Frå venstre: Olaug Nilssen, Tom Hetland og Gry Molvær
Juryen for nynorskprisen
Kulturdepartementet nemner opp tre medlemmer av juryen for fire år i gongen. Noverande jury har site sidan 2005 og er oppnemnd på nytt frå 1. juli 2009 til 1. juli 2013.
NRK Nynorsk mediesenter er sekretariat for juryen. Grunnen til det er at denne nynorskprisen vart oppretta i samband med opninga av NRK Nynorsk mediesenter i september 2004. Prisen var dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland si "gåve" til mediesenteret.
Juryen brukar å ha eitt møte i året, i mai, då dei bestemmer kven som skal få prisen. Leiaren, eller ein av dei to juryemedlemmane, deler ut prisen under Dei nynorske festspela i Ørsta siste veka i juni. Elles føregår juryearbeidet på e-post og telefon.
Kven er juryen ?
Gry Molvær
(1970), Trondheim. Leiar for juryen. Ho er journalist i vitskapsprogrammet Schrødingers katt i NRK1, der ho var ein profilert programleiar frå 2000-2005. Frå 1997-2000 var ho nyhendejournalist og programleiar i NRK Møre og Romsdal.
Gry Molvær byrja i NRK som nynorskpraktikant i NRK Møre og Romsdal, men har også medieutdanning frå Høgskulen i Volda og statvitskap frå Høgskulen i Molde. Ho er elles ein dyktig fotograf, med fleire utstillingar bak seg.
Molvær fekk Kringkastingsprisen 2002 og var med i prosjektgruppa som utgreidde NRK Nynorsk mediesenter i 2003. E-postadressa til Molvær er :
Gry-Beate.Molvar@nrk.no
Tom Hetland
(1954), Bryne. Kommentator i Stavanger Aftenblad. Han var sjefredaktør i Stavanger Aftenblad 2002 - 2011, og var noko så sjeldan som ein nynorskbrukande redaktør i ei stor regionavis. Han let også andre bruke nynorsk i avisa, og for det fekk han Mediemållaget sin redaktørpris i 2007.
Hetland har arbeidd i Stavanger Aftenblad sidan 1986, som gruppeleiar for den politiske redaksjonen og politisk redaktør. Han har hovudfag i historie frå Universitetet i Bergen, med norsk og russisk i fagkrinsen. I studietida var han redaktør for målavisa Norsk Tidend. E-postadressa til Hetland er:
tom.hetland@aftenbladet.no
Olaug Nilssen
(1977), Bergen. Forfattar og skribent. Nilssen debuterte med romanen "Innestengt i udyr" på Det Norske Samlaget i 1998, og har gjeve ut seks bøker. Den mest kjende av dei er "Få meg på for fan", som har vorte både teaterstykke og film. Avisa Morgenbladet kåra henne i 2004 til ein av dei ti viktigaste unge forfattarane i landet.
Olaug Nilssen cand.mag. frå Universitetet i Bergen med litteraturvitskap, nordisk og sosiologi. Ho har årsstudium frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og gått skrivelina ved Heimly folkehøgskule på Finnsnes. Ho har vore medredaktør for dei litterære tidsskrifta Vagant og Kraftsentrum. Olaug Nilssen var Festspeldiktar under Dei nynorske festspela i Ørsta i 2006. Ho leia Skrivekunstakademiet i Hordaland 2008 -2010 og er styremedlem i Kulturrådet 2010-2013. E-post til Olaug Nilssen :
olaugnilssen[at]gmail.com
Magni Øvrebotten
(1954), Naustdal. Leiar for NRK Nynorsk mediesenter og sekretær for juryen. Du finn meir om henne her. Nettadressa er: magni.ovrebotten@nrk.no