Søk

Gry Molvær og Kjell-Erik Kallset (Foto: Geirmund Henjum/NRK)

"Mediejomfru" av Kjartan Slettemark var kunstverket Gry Molvær overrekte prisvinnar Kjell-Erik Kallset i Dagsavisen i 2007

Grunngjevne framlegg til 1. mars 

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vert lyst ut i fleire riks- og regionaviser og på nettsidene til Kulturdepartementet og NRK Nynorsk mediesenter i februar kvart år. Alle kan føreslå kandidatar frå lokal-, region- og riksaviser, tidsskrift, internett, radio og fjernsyn. 

Viktig med grunngjeving

Fristen for å kome med grunngjevne framlegg er 1. mars. Det er viktig at framlegga har ei grunngjeving. Ho treng ikkje vere lang, men juryen ynskjer å vite kvifor du kjem med framlegg om den/dei du føreslær, kva vedkomande har gjort og står for som gjer han/ho verd ei slik påskjøning.  

Framlegga kan du gjerne sende til NRK Nynorsk mediesenter på e-post: nynorskmediesenter@nrk.no eller til postboks 100, 6801 Førde.

Avgjerd i april/mai

Juryen kunngjer kven som får prisen i god tid før han vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta siste veka i juni. Denne prisutdelinga er eit eige program på Festspela.  

Føremålet med prisen

Føremålet er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre.

Juryen

I juryen sit NRK-journalist Gry Molvær (leiar), sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattar Olaug Nilssen. Magni Øvrebotten er sekretær.

Framlegg til 1. mars

Prisen vert lyst ut i februar kvart år og fristen for å kome med eit grunngjeve framlegg er 1.mars.

Prisvinnarane

Her finn du meir om dei som har fått prisen frå 2006-2009.

Årsrapportar

Kulturdepartementet får ein årsrapport vedkomande prisen. Dei kan du lese her