Nynorskpraktikantar
Per 17. januar 2012 har vi lært opp 70 nynorskpraktikantar, og vel 70 % av dei arbeider i media. Tjueseks er fast tilsette som journalistar. 40 personar arbeider i NRK, halvparten er fast tilsette.
Sju tidlegare nynorskpraktikantar arbeider i andre media og seks er informasjonsfolk i ulike organisasjonar. Resten studerer eller har funne seg andre yrke.
Her finn du kvar nynorskpraktikantane blir av etter at dei er ferdige. Opplysingane skal vere oppdaterte til ei kvar tid, men det føreset at tidlegare praktikantar melder frå når dei får og skifter arbeid.
Femtande kullet - kull 2011 - 2

Nynorskpraktikantar frå 22. august 2011 til 29. februar 2012. Sondre Dalaker (1992), har praksistida si i NRK Sogn og Fjordane. Maria Pile Svåsand (1986) er i NRK Hordaland. Susanne Egset (1989) har praksis i NRK Dagsnytt, Agnese Bremere (1988) i Kulturnytt i NRK P2 og Lars Erik Haukedal Andreassen (1991) i mP3 og P3 Natt/helg på Tyholt i Trondheim.
Fjortande kullet - kull 2011-1

Nynorskpraktikantar frå 3. januar til 30. juni 2011. Frå venstre: Jonas Sætre (1986), tilkallingsvikar i NRK.no, Ingrid Brandal Myklebust (1986), er 50 % vikar i NRK Dagsrevyen og mastergradstudent ved Universitetet i Oslo. Ingvild Nave (1990), er tilkallingsvikar i NRK Hordaland, attåt Europastudier ved Universitetet i Bergen. Gry Brekke Hustveit (1983) frilansar som fleirkamerafotograf og Christian Wiik Gjerde (1981) er vikar i NRK Radio Super, som produsent og reporter.
Trettande kullet - kull 2010-2

Nynorskpraktikantar frå 23. august 2010 til 28. februar 2011: Frå venstre: Vegard Troøyen Foseide (1984), som er fast tilsett som informasjonskonsulent i ungdomsorganisasjonen Changemaker. Hans Henrik Løken (1988) er vikar i NRK Sporten, både på nett, radio og fjernsyn. Hilde Zahl (1982) er tilkallingsvikar i NRK på Tyholt, som reporter og programleiar i Kveldsåpent i NRK P1. Karl Kristian Langeland (1984) er vikar og programleiar i NRK Sogn og Fjordane og Hans Kristen Hyrve (1985) er tilkallingsvikar i RadioSelskapet og som sendeleiar i NRK P2.
Tolvte kullet - kull 2010-1

Nynorskpraktikantar frå 4. januar til 30. juni 2010. Frå venstre: Astrid Marie Grov (1984) er vikar i Språkrådet. Ingvil Aaen Torpe (1982) er vikar og vaktsjef for programmet Norge i dag, i NRK Hordaland. Kristin Vestreim (1982) er vikar i Kulturhuset i NRK P2. Mari Langva (1986) har morspermisjon. Gunn Evy Auestad (1986) er fast tilsett i nyhendeavdelinga i NRK.no.
Ellevte kullet - kull 2009-2

Nynorskpraktikantar frå 24.8.2009 til 28.2.2010. Frå venstre : Simon Solheim (1990) som har verneplikta si som journalist i Forsvarets mediesenter og er tilkallingsvikar i NRK Dagsnytt/Alltid Nyheter. Mathias Oppedal (1985) er fast tilsett i NRK Rogaland, hovudsakleg som nettjournalist. Sara Myhren Kornberg (1987) er vikar i NRK Hedmark og Oppland. Aleksander Vallestad (1983) er vikar i NRK Hordaland og Bjørn Ivar Voll (1985) er frilansar.
Tiande kullet - kull 2009-1

Nynorskpraktikantar frå 5. januar til 30. juni 2009. Frå venstre: Ingvild Ryssdal (1983), som er vikar i NRK Dagsnytt/Alltid Nyheter, Malin Olivia Dahlberg (1982) er fast tilsett som informasjonsrådgjevar i Norske Kunstforeninger. Anna Gytri (1984) er fast tilsett i NRK Sogn og Fjordane, Siri Kleiven Strøm (1987) er vikar i NRK Hordaland og Ingunn Thon (1986) er fast tilsett i NRK Super.
Niande kullet - kull 2008-2

Nynorskpraktikantar frå 25. august 2008 til 28. februar 2009. Frå venstre : Steinarr Sommerset (1983) er frilansomsetjar i London. Samina Bruket (1985) er fast tilsett i NRK Rogaland. Ann-Iren Finstad (1980) er vikar som kulturmedarbeidar i NRK Dagsrevyen, Magnus Stokka (1985) er fast tilsett i NRK Rogaland og Erling Molt Korsnes (1984) er fast tilsett i Trafikkredaksjonen på Tyholt.
Åttande kullet - kull 2008-1

Nynorskpraktikantar frå 3. januar til 30. juni 2008. Frå venstre : Eivor Brandseth (1985) fullførde ikkje på grunn av sjukdom, Roger Sevrin Bruland (1977) er fast tilsett som tilkallingsvikar i NRK Nyheiter, og arbeider for det meste i utanriksavdelinga. Marit Holmquist Fenne (1980) er fast tilsett journalist på NRK Torget, intranettet i NRK. Olav Arne Nedrelid (1978) og Elin Thingvoll Berge (1980) er begge medielærarar i den vidaregåande skulen, han i Ålesund og ho i Stavanger.
Sjuande kullet - kull 2007- 2
Nynorskpraktikantar 3. september 2007 - 29. februar 2008. Frå venstre: Ingunn Viken (1980) er vikar i nyhenderedaksjonen i VG, der ein ikkje får skrive nynorsk. Ivar Folkedal (1983) er fast tilsett som vaktsjef hos Egmont Hjemmet Mortensen. Eline Buvarp Aardal (1984) er vikar i NRK Dagsrevyen. Håvard Tvedte (1981) er fast tilsett i Stortinget, der han arbeider med EU/EØS-informasjon. Eva Marie Felde (1981) er vikar i NRK Sogn og Fjordane.
Sjette kullet - kull 2007-1

Nynorskpraktikantar frå 3. januar til 29. juni 2007. Frå venstre: Yngvill Kolset Haga (1980) arbeider med film og Mona Vetrhus (1975) skriv på ei diktsamling. Gunhild Sølvberg (1978) er presse- og kommunikasjonsansvarleg i AFS Internasjonal Utveksling. Inger Synnøve Tveito (1985) studerer russisk ved Universitetet i Oslo. Ragnhild Bjørge (1977) er fast tilsett i NRK Nyheiter, og arbeider som reporter, vaktsjef og programleiar i Dagsnytt.
Femte kullet - kull 2006-2

Nynorskpraktikantar frå 4. september 2006 til 2. mars 2007. Frå venstre: Bjarte Vik (1986), utdannar seg til lærar, Marianne Feste (1981) er fast tilsett som rådgjevar i Skatt Vest, og arbeider med intranettet deira. Gøril Furu (1984) er fast tilsett i Musikk- og nattredaksjonen på Tyholt. Ingrid Hognaland (1986) studerer økonomi- og administrasjon ved NHH i Bergen og er tilkallingsvikar i NRK Hordaland. Vidar Eidhammer (1984) er vikar i NRK Dagsnytt/ Alltid Nyheter.
Fjerde kullet - kull 2006-1

Nynorskpraktikantar frå 3. januar til 4. juli 2006. Frå venstre: Erlend Blaalid Oldeide (1984) som er fast tilsett i NRK Sogn og Fjordane, Bergit Sønstebø Svendseid (1984) studerer journalistikk i Sør Afrika og frilansar for norske media. Asgeir Reksnes (1979) er fast tilsett i NRK Sogn og Fjordane, Ingrid Z. Aanestad (1983) er forfattar og Øystein Windstad (1983) er fast tilsett som nyhendelesar i storbyradioen P5.
Tredje kullet - kull 2005-2

Nynorskpraktikantar frå 1.9. 2005 til 1.3. 2006. Frå venstre: Sølve Rydland (1984) er fast tilsett i NRK Hordaland, Marita Haugo (1982) er fast tilsett i Drammens Tidende, men får ikkje bruke nynorsk. Gisle Forland (1981) er fast tilsett og vaktsjef i NRK Nordland, Karoline Kalstveit (1984) er arkitektstudent og Håvard Hamnaberg (1978) er fungerande seksjonssjef i ressursseksjonen i NVE.
Andre kullet - kull 2005-1

Nynorskpraktikantar frå 3. januar til 1. juli 2005. Frå venstre: Eli Fossdal Vaage (1984) er vikar i Bergens Tidende, der ho arbeider med kritikk og omtale av bøker. Ingebjørg Bø (1977) er fast tilsett i Telemarksavisa (TA), Birte Njøsen Horne (1984) har fast jobb i NRK og arbeider i FBI. Solveig Hareide (1983) er fast tilsett og arbeider med barne-og ungdomsprogram i NRK. Har fortida morspermisjon. Janne-Marit Myklebust Falch (1981) er fast tilsett i avisa Møre.
Fyrste kullet - kull 2004-1

Nynorskpraktikantar frå 1.9. 2004 til 1.mars 2005. Frå venstre: Eli Bjelland (1981) er fast tilsett i NRK Dagsnytt, Knut Åge Teigen (1970) er fast tilsett som prosjektleiar i produksjonsselskapet Snøball Film, Svein Ove Hansli (1976) er fast tilsett i NRK Dagsrevyen, der han er vaktsjef. Maria Rivedal (1981) er fast tilsett i NRK P3, der ho er produsent for morgonsendinga. Ho arbeider også som programvert i NRK2. Inger Johanne Sæterbakk (1981) er fast tilsett som informasjonsrådgjevar i Tromsø kommune.