Søk

Aktivist skal bli journalist

aug 27

Posta av: Vegard Foseide
27.08.2010 13:51 

Veka starta med formelle helsingar frå senterleiar Magni Øvrebotten og distriksredaktør Rolf Sanne-Gunnersen og omvising på NRK Sogn og Fjordane-bygget.

Dagane har byrja kl.08.00 med å skaffe seg eit kjapt overblikk over nyheitene gjennom NRK og lokalavisene i fylket. Så har praktikantane observert redaksjonsmøte på morgonane kl.08.10. Etterpå har den praktiske opplæringa starta i andre etasje der Tone Lin Søfring, Randi Indrebø og Brit Jorunn Svanes har briljert med teknisk kompetanse, enorm erfaring og godt humør.

Nynorskpraktikantane har òg hatt besøk av tidlegare distriksredaktør Arve Sandal, no banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, som gav ein god og grundig presentasjon av fylket og journalistiske oppgåver og utfordringar

Kan elles melde om mykje regn i Førde, generelt ekstremt trivelege medpraktikantar og folk på NRK-huset, og eg gler meg til til resten.

Takk. 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Vegard T. Foseide

Hei!

Eg er Vegard frå Fræna, 25 år, og har tidlegare drive med språk- og lektorstudiar og aktivisme i Målungdommen og Changemaker. Denne hausten skal eg altså vere nynorskpraktikant her i Førde.

Har ikkje gjort noko særleg journalistisk før, men prøver å dekke opp for det med å vere litt entusiastisk innimellom.

I denne bloggen skal eg gje eit inntrykk av nynorskpraktikantlivet, og alle er hjarteleg velkomne til å lese innlegga og ikkje minst bruke kommentarfeltet flittig!

Søk i bloggen