Søk

NRK-bloggen

Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319
okt 8

Posta av: Simon F. Solheim
08.10.2009 22:14 

I dag var eg og Sara ute på TV-reportasje i Stryn - om lag to timar frå Førde.

Vi hadde pakka saman alt utstyret, og reiste glade og nøgde avgarde. Dette blir bra, tenkte vi.

Vi klødde oss litt i hovudet då den einaste NRK-bilen med piggdekk var ute på oppdrag. For vi skulle over Utvikfjellet og der kunne det vere snø.

Heldigvis kom bilen inn igjen rett før vi skulle ut, og utan den firehjulsdrivne reportasjebilen med piggdekk, hadde vi nok hamna uti grøfta på det glatte nullføret på toppen av Utvikfjellet. For der var det glatt!

Men før vi kom så langt, møtte vi på ei utfordring. For då vi hadde kome til Vassenden ringte telefonen min. «Mathias Oppedal», stod det på skjermen. Dei to minnekorta som skal stå i videokameraet låg igjen i Førde. Utan dei var vi hjelpeslause.

Vi hadde jo kontrollert kameraet før vi drog ut, men jammen hadde vi greidd å ta med oss feil kamera. Takk og pris for at Mathias oppdaga det. Visst ikkje hadde eg og Sara stått i Stryn som to idiotar.

Men ikkje nok med det; vi hadde attpåtil greidd å ta med oss feil stativ også.

Pokker òg. No måtte vi snu. Før vi oppdaga feilen snakka eg og Sara om kor irriterande det må vere å ha gløymt noko. Eg fortalte om ei erfaring eg hadde frå tida i Firda, då eg rett og slett hadde tatt med meg eit kamera utan batteri. Pinleg!

Heldigvis er ikkje Vassenden langt unna Førde. Det ligg om lag 20 minutt unna, så det var ikkje verdens undergang. Men surt var det likevel.

Vi kom oss uansett fram til slutt, sjølv om vi mista ein time på grunn tabba. Flaut og veldig irriterande.

Men heldigvis er vi her for å lære, og neste gang reiser vi mest sannsynleg ikkje ut på oppdrag utan å vere heilt sikre på at alt er med.

Idag har vi i alle fall lært noko. Og ein ting er i alle fall sikkert; det er viktig å vere godt skodd. Vi huska å ta bilen med piggdekk - heldigvis. Utan dei hadde vi nok aldri kome oss til Stryn. Og då minnekorta og stativet vore til lita hjelp...

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319

 

Foto: Mathias Oppedal/NRK

Simon F. Solheim

Halloen! Eg er Simon, ein 19 år gamal gut frå Florø i Sogn og Fjordane.

Eg var ferdig på idrettslina ved Flora vidaregåande skule våren 2009. Eg er den yngste praktikanten som har vore på NRK Nynorsk mediesenter.

Eg har røynsle frå media sidan eg var 15 år. Eg har mellom anna levert saker til TV2, Nettavisen, BA og Bergens Tidende. Det siste året har eg arbeidd i avisa Firda der eg i hovudsak har vore tilknytt hovudredaksjonen. Men har også jobba ein del med sport og på firda.no-desken.

På ungdomsskulen starta eg skuleavis og var også redaktør for skulen sin eigen radiokanal, Fusradio.


Saker på radio:

Her kan du høyre saker som eg har hatt på lufta.


 

Søk i NRK-bloggen