Søk

NRK-bloggen

Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319
okt 4

Posta av: Simon F. Solheim
04.10.2009 18:39 

I helga dekka eg mi første fotballsak på radio. Eg har jobba mykje på Sporten i Firda, men det var noko anna å møte opp på ein fotballkamp med Maycom, enn med notatblokk og fotoapparat.

Det som eg trudde det var ein spennande toppkamp som skulle spelast på Førde stadion, men eit sterkt Førde-lag køyrde regelrett over Årdal.

Heimelaget stakk av med 5-0-siger, og Årdal mista sin store sjanse til å vere med å kjempe opp kvalik. Men neste helg blir det svært spennande, for både Førde og Tornadø Måløy har like mange poeng. Alt kan skje.

 Eg har også hatt to andre saker på lufta sidan sist.

Simon på reportasje-tur. Foto: Mari Nilssen

 

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319

 

Foto: Mathias Oppedal/NRK

Simon F. Solheim

Halloen! Eg er Simon, ein 19 år gamal gut frå Florø i Sogn og Fjordane.

Eg var ferdig på idrettslina ved Flora vidaregåande skule våren 2009. Eg er den yngste praktikanten som har vore på NRK Nynorsk mediesenter.

Eg har røynsle frå media sidan eg var 15 år. Eg har mellom anna levert saker til TV2, Nettavisen, BA og Bergens Tidende. Det siste året har eg arbeidd i avisa Firda der eg i hovudsak har vore tilknytt hovudredaksjonen. Men har også jobba ein del med sport og på firda.no-desken.

På ungdomsskulen starta eg skuleavis og var også redaktør for skulen sin eigen radiokanal, Fusradio.


Saker på radio:

Her kan du høyre saker som eg har hatt på lufta.


 

Søk i NRK-bloggen