I førre veke var vi på Oslo-tur, der vi mellom anna var på besøk hos TV2 på Karl Johan og NRK på Marienlyst.

Det er ei heilt anna medieverd i hovudstaden enn det vi er vande med her i lille Førde.
Men det er mykje vi ikkje er vande med her på "landet". Trikk og T-bane er nærast ukjend for oss, og som regel er det berre ei hovudgate å forhalde seg til. Men det meste går som regel greitt. Ting ordnar seg til slutt.
Men eg kan gjerne forstå at vi blir oppfatta som litt bønder i byen - i alle fall enkelte av oss.

For det var ikkje alle som vart oppfatta som bøner i byen. Geirmund, vår røynde faglærar, er eit døme på det. Han hadde nemleg litt meir kontroll enn oss andre Anten var hadde han utruleg hastverk, eller så var han rett og slett berre litt meir kjende enn oss andre. For vi låg alltid litt båkpå.
Geirmund skal begynne som vaktsjef i NRK Sporten, og ligg difor litt framfor. Eg har levert til "riks", men eg jamen ikkje sikker på om eg er moden for å jobbe kun med riksdekkjande nyheiter. Men medieverda i Oslo gav likevel meirsmak...
Og neste gang håpar eg på å sette meg på riktig T-bane.