Søk

NRK-bloggen

Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319
sep 22

Posta av: Simon F. Solheim
22.09.2009 21:23 

Foto: Simon F. Solheim/NRK

«Her er Fylkesnytt for Sogn og Fjordane. Ein person er sendt med luftambulanse til...»

Eg blir avbroten. Her var noko som ikkje var heilt som det skulle vere.

«Du startar litt for høgt. Prøv å bruk volumet i stemma di. Sånn som du gjer når du snakkar til vanleg.»

Eg prøvar på nytt. Og på nytt ein gang til. Og så på nytt igjen.

I dag har vi hatt besøk av Jorid Løvbakk som er logoped i NRK. Opplegget som vi hadde i dag, trur eg vi alle hadde nytte av. Ho veit korleis stemma skal brukast. Ho har gode øyrer, som ho sjølv seier.

Høgtlesing. Mathias Oppedal (til venstre) og Aleksander Vallestad. Foto: Simon F. Solheim/NRK

Både eg og dei fire andre praktikantane såg fram til denne dagen, og vi var også godt førebudde. Dette kunne bli tøft, og tilbakemeldingane frå logopeden kom heilt sikkert til å bli ubehagelege, tenkte vi. Men det vart ikkje så gale, og vi forstod alle kva vi må jobbe vidare med.

Tidlegare har klientane, eller elevane, som Løvbakk har hatt i skule teke til tårene når ho har påpeika noko i prestasjonane deira. Det er ofte sårt å få tilbakemeldingar om det som kanskje ikkje er så bra med framføringane - spesielt når ein har så inderleg lyst til å vere god...

Men slikt kjem med tida. Øving gjer meister. Eg prøvar igjen.

«Ein person er sendt med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde etter ei trafikkulykke i Florø.»

«Simon, du må ikkje gå opp i slutten av setningane. Prøv å sei det siste ordet meir normalt. Det blir litt kunstig. Prøv igjen.»

Og igjen, og igjen, og igjen.

For meg og dei fire andre har vi enno litt tid på oss til å bli gode. Vi har fem månader igjen av praktikantperioden. Men jamen har vi litt å jobbe med...

No håpar eg berre på at eg kjem til å hugse alt logopeden sa eg skulle jobbe med. No har ho gjort sitt. Resten er opp til oss, for det er berre vi sjølve som må gjere noko med framføringane våre.

I morgon reiser vi til Oslo. Det blir storveis.

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319

 

Foto: Mathias Oppedal/NRK

Simon F. Solheim

Halloen! Eg er Simon, ein 19 år gamal gut frå Florø i Sogn og Fjordane.

Eg var ferdig på idrettslina ved Flora vidaregåande skule våren 2009. Eg er den yngste praktikanten som har vore på NRK Nynorsk mediesenter.

Eg har røynsle frå media sidan eg var 15 år. Eg har mellom anna levert saker til TV2, Nettavisen, BA og Bergens Tidende. Det siste året har eg arbeidd i avisa Firda der eg i hovudsak har vore tilknytt hovudredaksjonen. Men har også jobba ein del med sport og på firda.no-desken.

På ungdomsskulen starta eg skuleavis og var også redaktør for skulen sin eigen radiokanal, Fusradio.


Saker på radio:

Her kan du høyre saker som eg har hatt på lufta.


 

Søk i NRK-bloggen