Søk

NRK-bloggen

Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319
sep 15

Posta av: Simon F. Solheim
15.09.2009 21:23 

Kvar einaste kveld, heilt til ni år gamle Simon og faren Fkade er tilbake i Florø, skal støttegruppa helde apell på torget i byen. Måndag var eg i Florø for å dekke støtteaksjonen i den såkalla Simon-saka.

For tre veker sidan vart dei to sende ut av landet, og tilbake igjen til Italia. Der lever dei under kritikkverdige tilhøve. Dei bur i ein park saman med narkomane, prostituerte og andre asylsøkjarar, og dei søv under open himmel.

Kåre Leif Hollevik, leiar for støttegruppa. Foto: Sara Myhren Kornberg/NRK

Saka har fått stor merksemd i media den siste tida, og 4000 menneske har signert på oppropet for å få dei to tilbake til Florø igjen.

Simon-saka har vakt oppsikt lokalt og nasjonalt. Fleire politiske parti har teke til ordet for at regjeringa sin asylpolitikk er feil, og at dei to fortener å kome attende til lokalsamfunnet i Florø.

Underskriftsaksjonen tok støttegruppa til Oslo der dei møtte politisk rådgjevar for arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Men der fekk dei beskjed om at underskriftskasjonar ikkje kan endre vedtak som UDI og Utlendingsnemnda har gjort. Årsaka er at politikarane ikkje skal blande seg i slike saker.

Men framleis er guten og faren Fkade Thaye i Italia. Difor held støttegruppa fram med aksjonen. No skal dei stå på torget i Florø kvar einaste kveld til dei to er tilbake i kystbyen.

- Vi skal stå her kvar kveld, sjølv om det snør og sjølv om det tek eit halvt år, seier Kåre Leif Hollevik som leier støttegruppa.

Saka vart sendt i programmet Her&Nå på NRK P1 i dag. Det er landets største nyheits- og aktualitetsmagasin med over 600 000 lyttarar kvar einaste dag. Høyr saka her.

Saka gjekk også i Dagsnytt, i Fylkesnytt, og i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane.

 

 

 

Tags:

Kommentar

Sv: Debut på riksen

Seriøst? 600 000 :O Det er ganske sjukt :) Bra Simon!

Ved Vilde den   16.09.2009 23:21

Sv: Debut på riksen

Imponertande, Simon.

Ved Eirik den   17.09.2009 10:59

Sv: Debut på riksen

Du er kjempeflink ;)

Ved Hanne den   19.09.2009 13:02

Sv: Debut på riksen

Eg elska deg Simon!

Ved Kristian B den   22.09.2009 21:59

Sv: Debut på riksen

Vanvittig kult! Og sikkert ganske skummelt...

;p

Ved Mari den   25.09.2009 23:47

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319

 

Foto: Mathias Oppedal/NRK

Simon F. Solheim

Halloen! Eg er Simon, ein 19 år gamal gut frå Florø i Sogn og Fjordane.

Eg var ferdig på idrettslina ved Flora vidaregåande skule våren 2009. Eg er den yngste praktikanten som har vore på NRK Nynorsk mediesenter.

Eg har røynsle frå media sidan eg var 15 år. Eg har mellom anna levert saker til TV2, Nettavisen, BA og Bergens Tidende. Det siste året har eg arbeidd i avisa Firda der eg i hovudsak har vore tilknytt hovudredaksjonen. Men har også jobba ein del med sport og på firda.no-desken.

På ungdomsskulen starta eg skuleavis og var også redaktør for skulen sin eigen radiokanal, Fusradio.


Saker på radio:

Her kan du høyre saker som eg har hatt på lufta.


 

Søk i NRK-bloggen