Søk

NRK-bloggen

Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319
sep 11

Posta av: Simon F. Solheim
11.09.2009 16:31 

I dag hadde eg sak i fylkesnyheitene og reportasje i føremiddagssendinga om forslaget om å innføre 112 som felles nødnummer i Norge...

Arbeidsgruppa til regjeringa, som har kome med forslaget,  vil innføre 112 som felles nødnummer. Dei vil fjerne nødnummerene 110 og 113, og meiner det vil gje innbyggjarane eit betre tilbod.

Frå Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Førde. Foto: Simon F. Solheim/NRKn

Men forslaget møter sterk motstand i helsevesenet. Øyvind Dahle, leiar for Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Førde, og Olav Hesjedal, avdelingssjef for avdeling for akuttmedisin, er skeptisk til forslaget. Det same er Helsetilsynet. Dei fryktar at det kan ta lenger tid å få hjelp av ambulanse og lege dersom det blir innført felles nødnummer for både brann, politi og helse. Dei er også skeptiske til at det ikkje lenger vil vere sjukepleiarar som besvara nødtelefonane.

Men leiar for arbeidsgruppa, seniorrådgjevar Finn Mørch Andersen i Justis- og politidepartementet, meiner at den beste løysinga er å berre ha eitt nødnummer.

- Det er enklare for innbyggjarane å berre hugse eitt nødnummer, seier Mørch Andersen.

Var på besøk på AMK-sentralen på Førde sentralsjukehus å fanga situasjonar med Maycomen. Var også på tur ut med ambulanse. Laga sak på 1.30 minutt til Fylkesnytt og reportasje på over fire minutt til føremiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane.

Trykk her for å høyre utbretten og her for å høyre nyheitssaka.

Foto: Simon F. Solheim/NRK

Tags:

Kommentar

Sv: Kritisk til felles nødnummer

Flott sak, Simon ;-)

Ved Stian den   17.09.2009 17:57

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319

 

Foto: Mathias Oppedal/NRK

Simon F. Solheim

Halloen! Eg er Simon, ein 19 år gamal gut frå Florø i Sogn og Fjordane.

Eg var ferdig på idrettslina ved Flora vidaregåande skule våren 2009. Eg er den yngste praktikanten som har vore på NRK Nynorsk mediesenter.

Eg har røynsle frå media sidan eg var 15 år. Eg har mellom anna levert saker til TV2, Nettavisen, BA og Bergens Tidende. Det siste året har eg arbeidd i avisa Firda der eg i hovudsak har vore tilknytt hovudredaksjonen. Men har også jobba ein del med sport og på firda.no-desken.

På ungdomsskulen starta eg skuleavis og var også redaktør for skulen sin eigen radiokanal, Fusradio.


Saker på radio:

Her kan du høyre saker som eg har hatt på lufta.


 

Søk i NRK-bloggen