I dag fekk eg mi første sak på lufta, ein reportasje på på rundt tre minutt. Alltid stas å debutere, men det er uvant å høyre seg sjølv i reporterstil.
I førre veke tok eg på meg regnkleda og vart med seglarane i Florø Seilforening ut på Solheimsfjorden i Florø. Saman med Maycomen (lydopptakaren) fekk eg tatt pulsen på seglarane.

Saka vart sendt to gonger i sportsflatene. Ein langversjon i føremiddagssendinga, og ein kortare versjon i morgonsendinga. Det er motiverande å få saker på lufta, og det var kjekt å få gode tilbakemeldingar på redaksjonsmøtet. Men framleis er eg ikkje heilt trygg på radiostemma mi, og det vil nok ta tid! Får håpe logopeden som kjem på besøk om ikkje lenge, kan få orden på det...
Før kunne ein sjå fullt av seglbåtar i skjærgarden utanfor Florø. No er det berre rundt ti aktive seglarar i Florø Seilforening. Trass i at trenar Knut Byrkjeland er litt uroa for rekrutteringa, er motivasjonen framleis på topp...
Slik lydde introen som programleiarane leste opp før saka vart send på lufta. Her kan du høyre den.