Livet i Førde går så det susar. Dagane i NRK går fort, altfor fort, medan tida på hybelen går seint sjølv om eg har meir enn nok å gjere.
Å skrive blogg er ikkje mi sterkaste side. Eg trur ikkje eg heilt veit korleis eg skal gjere det. Veit ikkje kva eg skal skrive om, eller korleis eg skal skrive det. Likar ikkje heilt å skrive om meg sjølv.
No har eg kjent på hybellivet i tre månader, og det har både gode og negative sider. Men det er i alle fall godt å ha mamma berre ein time unna. Det er godt å reise heim til duka og dekka bord ein gong i blant.
Å bli pendlar var uaktuelt. Det fann eg ut i fjor då eg pendla til og frå sommarjobb i Firda kvar einaste dag i over to månader. Difor slo eg på stortromma, og skaffa meg ei lita søt leilegheit på Haugum i Førde. No treng eg ikkje stå opp klokka seks for så å sitje i bilen i nesten ein time. Sånn sett er hybellivet herleg!
I førre veke bestemte eg meg for at eg skulle ta ein skikkeleg husvask, men sjølvsagt utsette eg det gong på gong. I dag begynte eg så vidt, men eg fann fort ut at eg ikkje gadd meir. Støvsuging, matlaging, klesvask og verst av alt; oppvask. Forferdeleg, kjedeleg. Og eg slite like mykje kvar gong eg skal byte på senga. Dynene er det verste!

Foto: Simon F. Solheim/NRK
Det er godt å reise heim til mamma i helgene. Der slepp eg sånt!
Det er mykje som skjer framover. 19. september skal ein gjeng frå NRK Sogn og Fjordane reise til Oslo og Marienlyst for å spele fotballturnering mot andre distriktskontor og NRK-divisjonar. Eg og nokre andre nynorskpraktikantar har tenkt å melde oss på. Veka etter skal vi til Oslo der vi skal sjå korleis dei "feite typane" i NRK-redaksjonane i tigerstaden har det. I tillegg skal vi innom TV2.
På fredag får vi besøk av den røynde journalisten Kari Sørbø som skal lære oss intervjuteknikk. Det ser eg fram til!
Eg har hatt som ambisjon at eg skal prøve å halde meg litt i aktivitet, sjølv om eg ikkje går på idrettslina i Florø lenger. Men eg har svikta, litt. Det har blitt ein joggetur her og ein joggetur der, i tillegg til nokre fjellturar. Men no startar snart innebandysesongen, og eg skal prøve å pendle heim til Florø for å trene med innebandygjengen der, i tillegg til at eg skal hive meg med NRK-gjengen som speler kvar måndag. Det trur eg blir konge!
Og sånn elles, så går det som regel i kjøtdeig og spagetti. Talast!