No har vi vore på mediesenteret i to veker. Tida flyr!
Den siste veka har gått fort. Altfor fort! Vi har det kjekt. Geirmund har gjeve oss innføring i journalisten si rolle i samfunnet, og korleis strukturen i mellom anna ei radiosak skal vere. Han har printa både det eine og det andre inn i hovuda våre. Når vi lagar saker skal vi alltid ha eit fokus. Det er viktig. Visst ikkje, blir det berre rot. Ein saus som ingen forstår!
NRK Nynorsk mediesenter har fylt fem år, og måndag kveld var det duka for festmiddag på Sunnfjord Hotell. Toppleiinga og fleire redaktørar i NRK, Kringkastingsrådet, språkdirektøren, språkfolk i og utanfor NRK og fleire kjende TV-fjes var å sjå. Dagen etter var det semingar - om mangfald i NRK. Dei same gjestane deltok.

Vi har hatt språkkonsulent på besøk på loftet i NRK-bygget denne veka, og vi har lært korleis vi skal nytte språket i etermedia. Vi måtte også lese nyhende høgt, og få tilbakemelding på korleis vi nytta språket.
Vi har også vore ute i felten for første gong for å radioreportasje. Fredagen gjekk med til redigering og klargjering før gjennomgang og evaluering stod for tur. Geirmund gav oss gode råd når resultatet var ferdig. Får håpe det går litt betre neste gong...