Søk

NRK-bloggen

Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319
aug 31

Posta av: Simon F. Solheim
31.08.2009 13:28 

Pang! Læringskurva er bratt. Om ikkje lenge skal vi vere i stand til å rapportere på direktesendt radio og fjernsyn, i tillegg til å kunne produsere saker på nett, radio og fjernsyn.

Har hatt mange mareritt om hjerneteppe og skjelvande stutring når dei første orda kjem fram. Litt skummelt, men det blir spennande å prøve.

Men eg ser fram til å bli sett i arbeid, og eg kjenner at det klør i fingrane. Eg er rastlaus. Eg vil ut å produsere saker.

Det går fort i svingane, og vi har allereie fått prøve oss på mange ting. Vi vart etter berre fire dagar på skulebenken send ut for å prøve oss som radioreportarar. Her på mediesenter lærar vi det, ved å gjere det. Vi har fått opplæring i dataprogramma som vi må kunne for å fungere i NRK-systemet, og nye ord og uttrykk er printa inn hovuda våre. Topp. Intro. Blokk. Kontentum. Bulleteng. Anslag. Sync.

UNDERVISNING: Faglærarane Randi Indrebø og Geirmund Henjum undervises på loftet på NRK-bygget i Førde. Til høgre er praktikant Bjørn Ivar Voll. Foto: Simon F. Solheim/NRK

Etter nærare fire år i lokalavis, er eg no på veg inn i ein annan del av medieverda. No skal eg få prøve noko nytt. Eg skal formidle journalistikk med stemma mi. Det er uvant, men spennande.

Men prinsippa i media og etermedia er på mange måtar dei same. Det handlar heile tida om å prøve å vere alkymist – å prøve å lage gull av gråstein. Det handlar om å finne ut kva som interesserer folk.

Eg ser fram til dette halvåret, og eg gler meg! Eg tykkjer det er stas å ha kome inn på NRK Nynorsk mediesenter, og spesielt å vere den yngste nokon sinne.

- Frå mitt tidlegare liv som redaktør veit eg at det stundom dukkar opp purunge folk som berre veit at dei skal bli journalistar og røynsla mi er at dei ofte vert gode. Det er kjekt å gje slike ivrige ungdomar ein sjanse, seier Magni Øvrebotten til firdaposten.no.

Tags:

Kommentar

Sv: Læringkurva er bratt

Og vi som har følt deg, Simon, ser at du utviklar deg. Språket vert stadig betre. Eg likar spesielt den med at du lærer ved å gjere det. Eg veit kor det kjem frå!

Ved Helge S den   31.08.2009 17:45

Sv: Her går det fort i svingane

Kult :)

Ved Christine den   06.09.2009 19:42

Sv: Her går det fort i svingane

Du er flink Simon :)

Ved Vilde den   09.09.2009 18:07

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319

 

Foto: Mathias Oppedal/NRK

Simon F. Solheim

Halloen! Eg er Simon, ein 19 år gamal gut frå Florø i Sogn og Fjordane.

Eg var ferdig på idrettslina ved Flora vidaregåande skule våren 2009. Eg er den yngste praktikanten som har vore på NRK Nynorsk mediesenter.

Eg har røynsle frå media sidan eg var 15 år. Eg har mellom anna levert saker til TV2, Nettavisen, BA og Bergens Tidende. Det siste året har eg arbeidd i avisa Firda der eg i hovudsak har vore tilknytt hovudredaksjonen. Men har også jobba ein del med sport og på firda.no-desken.

På ungdomsskulen starta eg skuleavis og var også redaktør for skulen sin eigen radiokanal, Fusradio.


Saker på radio:

Her kan du høyre saker som eg har hatt på lufta.


 

Søk i NRK-bloggen