No byrjar alvoret. På måndag er eg ikkje praktikant lenger, men reporter i NRK Sogn og Fjordane.
Tida som praktikant i NRK Nynorsk mediesenter har gitt meg meir tyngde og større ballar i journalistikken enn eg hadde trudd då eg starta på mediesenteret for seks månader sidan.
Dei siste to månadane har eg hatt ekstern praktis i NRK Sogn og Fjordane og har fått prøve meg i alle plattformer. Eg har fått kjenne deadline-presset på kroppen, og eg har fått tildeld tunge, viktige og vanskelege saker. Eg er takksam for at redaksjonssleiinga har gjeve meg så stor tillit, og at dei har satsa på meg. Eg er veldig stolt og glad for at eg har greidd å klore meg fast i redaksjonen fram til september.
NRK Sogn og Fjordane har vore er ein fin organisasjon, og kollegane har vore med å løfta meg som journalist. Eg har fått jobba med eit vanskeleg graveprosjekt saman med praksisfadder og journalist Eli Eikenæs Vengen - noko som har vore veldig lærerikt.
NRK Nynorsk mediesenter var svaret på spørsmålet mitt om eg skulle satse på ei journalistkarriere, eller ikkje. Eg har aldri vore meir sikker på at det er journalist eg vil bli.