Søk

NRK-bloggen

Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319
jan 7

Posta av: Simon F. Solheim
07.01.2010 14:58 

Eg har tidlegare arbeidd med levande bilete, mellom anna gjennom arbeid som frilanser for TV2 Nyhetskanalen. Men på NRK Nynorsk mediesenter har vi også fått god opplæring i teknikk, og ikkje berre journalistikk. Som praktikantar får vi så god opplæring at vi kan stå på fleire bein.

Før jul var eg med Aleksander ut i skauen som fotograf. Der var vi med friluftslina på Nordfjord Folkehøgskule å laga mat i det fri.

Og på nyttårssafta var eg videreporter for Dagsrevyen og Vestlandsrevyen.

Det å vere fotograf er jamen ein risikosport. Å ha eit tungt kamera på skuldra er ikkje berre berre. Eg var godt sleten etter å ha trakka meg opp i terrenget med elevar og lærarar på Nordfjord Følkehøgskule, og å springe rundt i nyttårsopptåg i Florø som kameramann var ikkje akkurat trygt. For rundt meg hadde eg tusenvis av fulle florøværingar. Og sidan eg er florøværing sjølv, så veit eg korleis dei er når dei drikk. Ganske galne!

Sjå saker her:

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319

 

Foto: Mathias Oppedal/NRK

Simon F. Solheim

Halloen! Eg er Simon, ein 19 år gamal gut frå Florø i Sogn og Fjordane.

Eg var ferdig på idrettslina ved Flora vidaregåande skule våren 2009. Eg er den yngste praktikanten som har vore på NRK Nynorsk mediesenter.

Eg har røynsle frå media sidan eg var 15 år. Eg har mellom anna levert saker til TV2, Nettavisen, BA og Bergens Tidende. Det siste året har eg arbeidd i avisa Firda der eg i hovudsak har vore tilknytt hovudredaksjonen. Men har også jobba ein del med sport og på firda.no-desken.

På ungdomsskulen starta eg skuleavis og var også redaktør for skulen sin eigen radiokanal, Fusradio.


Saker på radio:

Her kan du høyre saker som eg har hatt på lufta.


 

Søk i NRK-bloggen