Eg kjende pulsen stige då faglærar Tone-Lin sa at eg skulle lese nyheitene om ein time, klokka 13.02 i dag. Det var eg ikkje førebudd på.
Klokka tikka, og pulsen steig. Og når eg kom i studio banka det i heile kroppen. Eitt minutt til sending. Eg såg for meg at alt skulle skjære seg, og at eg skulle få fullstendig hetta. Men då kjenningen gjekk på lufta, og eg begynte å lese dei første orda, ja, då var eg i gang. Og det gjekk faktisk heilt ok, utan større feil.
Eg leste også litt for fort, så eg var ferdig å lese nyheitene 15 sekund før tida. Dei sekunda måtte eg fylle, og då måtte eg improvisere.
Det var veldig kjekt å lese nyheitene. No vil eg lese meir.
I dag måtte eg også vikariere som programleiar i humorprogrammet Radio Røysi på NRK Sogn og Fjordane.
Her kan du høyre korleis det gjekk: