Søk

NRK-bloggen

Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319
nov 26

Posta av: Simon F. Solheim
26.11.2009 19:57 

Lydopptakar, penn og papir, og kamera er viktige hjelpemiddel for journalistar. Men bilen er minst like viktig. For i eit fylke som Sogn og Fjordane blir det mykje farting.

Her i fylket bur folk der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Sjølv om eg er frå fylket sjølv, så er det mange stader eg ikkje har vitja. Som reporter må ein oppsøke krinkelkrokar som ein elles ikkje ville sett.

Eg har funne meg godt til rette i journalisttilveret. Det er eit gjevande yrke, og det er kjekt å møte nye folk og oppleve nye ting kvar einaste dag. Alt frå heimebesøk hos gamle damer til blålysturar med brannbilar på øving. Kvar einaste dag får ein prøve seg på noko nytt, og kvar einaste dag skal ein møte nye folk og oppsøke ukjende stader.

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319

 

Foto: Mathias Oppedal/NRK

Simon F. Solheim

Halloen! Eg er Simon, ein 19 år gamal gut frå Florø i Sogn og Fjordane.

Eg var ferdig på idrettslina ved Flora vidaregåande skule våren 2009. Eg er den yngste praktikanten som har vore på NRK Nynorsk mediesenter.

Eg har røynsle frå media sidan eg var 15 år. Eg har mellom anna levert saker til TV2, Nettavisen, BA og Bergens Tidende. Det siste året har eg arbeidd i avisa Firda der eg i hovudsak har vore tilknytt hovudredaksjonen. Men har også jobba ein del med sport og på firda.no-desken.

På ungdomsskulen starta eg skuleavis og var også redaktør for skulen sin eigen radiokanal, Fusradio.


Saker på radio:

Her kan du høyre saker som eg har hatt på lufta.


 

Søk i NRK-bloggen