Søk

NRK-bloggen

Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319
nov 8

Posta av: Simon F. Solheim
08.11.2009 18:20 

Tre ungdommar vart denne veka pågripne for å ha blenda luftambulasen med laser. Helikopteret var på veg frå Lærdal til Bergen med ein pasient som skulle innleggast på Haukeland.

Då dei var på veg inn for landing på Grøneviksøren vart dei blenda av eit sterkt laserlys. Dette er i følgje pilotar og Avinor eit stort og aukande problem for luftfarten.

Den farlege leiken kan få alvorlege konsekvensar, meiner dei. Pilotar som blir blenda av laser kan miste kontrollen på fartøyet, og luftambulansar på hasteoppdrag kan bli forseinka.

Dette er mi niande tv-sak. Neste veker begynner eg på radiopraksisen som varar i fire veker.

Tags:

Kommentar

Sv: Ferdig med tv

Dæven! Du er flink, Simon :-)

Ved hanne den   09.11.2009 19:47

Sv: Ferdig med tv

e9

Ved Mathias Oppedal den   17.11.2009 20:58

Sv: Ferdig med tv

du har en utrolig god stemme simon :p

Ved mhm den   30.11.2009 23:24

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319

 

Foto: Mathias Oppedal/NRK

Simon F. Solheim

Halloen! Eg er Simon, ein 19 år gamal gut frå Florø i Sogn og Fjordane.

Eg var ferdig på idrettslina ved Flora vidaregåande skule våren 2009. Eg er den yngste praktikanten som har vore på NRK Nynorsk mediesenter.

Eg har røynsle frå media sidan eg var 15 år. Eg har mellom anna levert saker til TV2, Nettavisen, BA og Bergens Tidende. Det siste året har eg arbeidd i avisa Firda der eg i hovudsak har vore tilknytt hovudredaksjonen. Men har også jobba ein del med sport og på firda.no-desken.

På ungdomsskulen starta eg skuleavis og var også redaktør for skulen sin eigen radiokanal, Fusradio.


Saker på radio:

Her kan du høyre saker som eg har hatt på lufta.


 

Søk i NRK-bloggen