Søk

NRK-bloggen

Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319
nov 2

Posta av: Simon F. Solheim
02.11.2009 23:41 

Då er internpraksisen i NRK Sogn og Fjordane i gang. Min første stasjon er på fjernsyn. Slik ser praksisen min ut:

  • Fjernsyn - to veker
  • Radio - fire veker
  • Internett - to veker

Første dag på fjernsyn var eg med det røynde tv-teamet Cosmin Cosma (fotograf) og Trude Bakke (reporter) til Måløy for å lage sak om svekka dugnadsånd etter den skandaløse skipsfesten Tall Ships Races.

Det var ein lærerik dag, og eg fekk føle på kroppen korleis tv-kvardagen er. Bilkøyring blir det mykje av når ein jobba med tv. Denne dagen sat vi seks timar i bil. Dagane på tv blir alltid lange...

Resten av dei to vekene går vi i vanleg turnus, og fungerer som vanleg reporter, heilt likestilt med dei andre.

Til no har eg hatt sju saker på Vestlandsrevyen, og ei på Dagsrevyen21.

Saker på tv:

 

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Simon Frammarsvik Solheim - NRK Nynorsk mediesenter - simon.solheim@nrk.no - tel. 986 04 319

 

Foto: Mathias Oppedal/NRK

Simon F. Solheim

Halloen! Eg er Simon, ein 19 år gamal gut frå Florø i Sogn og Fjordane.

Eg var ferdig på idrettslina ved Flora vidaregåande skule våren 2009. Eg er den yngste praktikanten som har vore på NRK Nynorsk mediesenter.

Eg har røynsle frå media sidan eg var 15 år. Eg har mellom anna levert saker til TV2, Nettavisen, BA og Bergens Tidende. Det siste året har eg arbeidd i avisa Firda der eg i hovudsak har vore tilknytt hovudredaksjonen. Men har også jobba ein del med sport og på firda.no-desken.

På ungdomsskulen starta eg skuleavis og var også redaktør for skulen sin eigen radiokanal, Fusradio.


Saker på radio:

Her kan du høyre saker som eg har hatt på lufta.


 

Søk i NRK-bloggen