Det er mogleg eg verkar vêrsjuk. Men eg er sunnmøring, og sunnmøringar er og blir opptekne av vêret. Det var heilt fantastisk å få fire dagar med sol då vi var i Oslo 23.-25. september for å vitje mellom anna NRKs hovudkvarter på Marienlyst og TV2.

Christian Borch viser oss Studio 5, der Dagsrevyen blir sendt frå.
Det var særs interessant å få snakke med leiinga i NRK, og høyre litt om kva dei forventar av oss som framtidige praktikantar, vikarar og kanskje fast tilsette hjå dei.

Simon kikar inn i studioet til TV2 Nyhetskanalen.
Torsdag kveld åt vi middag med NRK FleRe, som er NRKs opplæring for fleirkulturelle journalistar.

Benedicte Sukai Faal Bendiksen og eg.
Denne veka byrja vi med nettjournalistikk, og hadde todagars kurs med Andreas Grimsæth som jobbar i NRK Hordaland i naturredaksjonen. Skrivande journalistikk er det eg har drive mest med, og ei form eg likar godt. Mi første nettsak kan du lese her.

Slik skal det ikkje gjerast på nett. Ingressen er altfor lang og tittelen for lite søkbar i google.