Tysdag ettermiddag sendte Banden på P3 eit innslag laga av Håkon Løtveit, som rett og slett handla om kor mykje han hatar nynorsk. Du kan høyre det her. Innslaget vart laga i høve det viktige 113-årsjubileet for Ivar Aasens død. Løtveit startar det heile med ein dårleg nynorsk-imitasjon, før han går over til rap-låta "Snakk norsk!" som han laga for ti (!) år sidan.
I innslaget intervjuer Løtveit mellom anna dagleg leiar i Norsk Målungdom, Eva Holthe Enoksen. Reporteren har tydelegvis ikkje lært god presseetikk, for han brukar kun replikkar der Svendsen ber om å få tenkje seg om eller starte på nytt. Løtveit irriterer seg også over at statskanalen er plikta å ha 1/4 av alt som sendast på nynorsk. (Sjølv har han, som bokmålsbrukar, berre vore vikar dei to sistre åra.) Han har difor ein idè om at alle som er nynorskbrukarar og kjem inn på NRK Nynorsk mediesenter, med ein gong får fast jobb i NRK. Han ringer opp Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk mediesenter, og utgir seg for å vere ein søkjar. Han ringer ikkje opp igjen etterpå og fortel kven han er og at intervjuet kjem på lufta.
Mathias vart defor litt overraska då vi plutseleg høyrde stemma til Magni på P3.
– Er det Magni?, utbraut han forbausa. Vi byrja å snakke om innslaget. Mathias sa at dersom han hadde laga noko liknande der han erklærte at han hata innvandrarar og ringte til NRK FleRe, NRKs opplæring for fleirkulturelle journalistar, hadde han nok fått både PFU og andre på nakken. Med denne samanlikninga blir det klart at nynorskbrukarar er dei einaste det er fullt lov å hetse i Noreg.

Mathias Oppedal lurer på om det går an å lage eit tilsvarande innslag om fleirkulturelle journalistar.
Banden sin avviklar, Grete Strøm, understrekar både før og etter innslaget at dette er Løtveit si personlege meining, og at ho sjølv er ueinig. Det gir jo eit visst inntrykk av at Løtveit blir latterleggjord av sin eigen redaksjon.