Søk

Innkast

sep 23

Posta av: Sara Myhren Kornberg
23.09.2009 09:13 

Foto: Aleksander Vallestad/NRK

Heldigvis har NRK Sogn og Fjordane investert i utstyr som held oss tørre - sjølv om ein del av det er litt for stort for enkelte...

Foto: Aleksander Vallestad/NRK

Elles kan eg fortelje at eg har vore på lufta igjen, med ei sak om Alzheimer. For meg vart det eit sterkt møte med Astrid Areklett. Ektemannen hennar døydde i 2004, etter å ha levd i mange år med demens av Alzheimer type. Du kan høyre saka her.

I går hadde vi besøk av logopeden Jorid Løvbakk. I tillegg til å blåse i flasker med varmt vatn for å varme opp stemma, fekk vi terpa litt på uttalen vår i nyheitsbulletin og i reportasjar som krev ei meir muntleg framføring.

Foto: Randi Indrebø/NRK

Jorid sa at stemma har vorte kalla "vårt akustiske fingeravtrykk" - det tykkjer eg er ganske fint.

I ettermiddag reiser vi til Oslo. Der er det heldigvis meldt sol dei neste dagane.

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Sara Myhren Kornberg

Eg blir ofte omtala som Ivar Aasens hjarteven. Eg kjem frå Folkestad i Volda kommune og er einaste jente på kull 11.

Eg byrja som frilansjournalist i lokalavisa då eg var 17 år, og har elles erfaring med redaksjonelt arbeid frå UKA-07 og studentavisa Under Dusken i Trondheim. Er utdanna litteraturviter ved NTNU.

"Innkast" er "blogg" på nynorsk.

Søk i bloggen