I går var dagen med stor D, valdagen, som byrja med at eg fekk lage ei prøvesak der eg mellom anna intervjua ordførar Nils Gjerland (Sp).
Om kvelden var det valvake på Rica Sunnfjord Hotell, og sjølvsagt stilte også vi nynorskpraktikantane. Bjørn Ivar med blått slips, Aleksander med raudt, og sjølv var eg lett henslengt kledd i dongeribukse og singlet. Så det var ikkje rart at journalisten frå Firda trudde vi var ungdomspolitikarar. Truleg høvesvis frå Høgre, Ap og SV.
Vi prøvde å observere og ta inn mest mogleg, og det var spanande å sjå korleis NRK-journalistane jobba. Det krydde av politikarar og det var kjekt å vere med der det skjedde. Ekstra stas var det at statsråd Heidi Grande Røys (SV) var til stades. Liv Signe var sjølvsagt i Oslo. Eg prisa meg ganske lukkeleg over at eg ikkje var videojournalist i dèt mediakaoset, då måtte eg nok hatt haugevis med sofaputer å stå på om eg skulle fått ein brukbar vinkel.
Men før alt dette var eg med Simon og Mathias til Florø for å dekke ein støtteaksjon i den såkalla Simon-saka. Eg tok nokre bilete, og sjølv om det ikkje var dei eg var mest nøgd med som vart brukt, var det spanande å få medverke i ei så stor sak. Du kan lese den her.
Tilbake i Førde bestemte eg og mine to sambuarar oss for å sjå slutten av valsendinga i Betten-huset. Etter det ungjekk eg så vidt å sovne i senga til Bjørn Ivar (som også fungerer som sofa), kom meg inn på mitt eige rom, og sovna med forsterka tru på demokratiet Noreg.