Søk

Innkast

sep 8

Posta av: Sara Myhren Kornberg
08.09.2009 07:59 

Vi har lært å ta opp telefonintervju for radio, og den første saka mi med slike intervju handla om Akers nye reklamefilm "Made by Norway".  Ivar Aasens "Nordmannen" blir her brukt for å vise fram norsk industri og dei verdiane dei tilsette skapar. Ivar Aasen-tunet støttar Akers bruk av "Nordmannen" og er stolte av at diktet blir nytta i denne samanhengen.

Kommunikasjonsdirektør Geir Arne Drangeid i Aker var eitt av mine intervjuobjekt. Etter at eg hadde spurt han om

1) kvifor dei valde å bruke nynorsk når vi er vane med at storkapitalen ikkje brukar det        

2) kvifor samarbeidet mellom Ivar Aasen-tunet og Aker på deira eigne heimesider blir kalla uvanleg, og

3) om det er greitt å bruke nynorsk sidan filmen har eit poetisk språk, vart kommunikasjonsdirektøren rett og slett så satt ut at han ba om å få starte på "scratch". (Dette er altså den same mannen som har hatt med saker som Aker Solutions å gjere. Han hadde tidlegare også fått spørsmåla mine på e-post.)

Etter å ha fått tenkt seg litt om fekk han heldigvis forklart at Aker i utgangspunktet ikkje tenkte så mykje på om dei brukte norsk eller nynorsk i reklamefilmen. Dette presiserte han heile to gonger.

Som nynorskpraktikant lærer ein noko nytt kvar dag, og det er tydeleg at det Drangeid kallar "det mest norske vi har" likevel ikkje alltid blir oppfatta som "skikkeleg" norsk.

Tags:

Kommentar

Sv: Norsk eller nynorsk?

haha! Bra jobba, Sara! :) Eg kjenner eg saknar loftet når eg er inne og snusar på sidene dykkar. Kos deg vidare i Førde-byen.

Ved Gøril den   08.09.2009 10:55

Sv: Norsk eller nynorsk?

Du er velding flik med å ordlegge dei :-) stå på vidare....

Ved Gaute den   09.09.2009 14:32

Sv: Norsk eller nynorsk?

Hm! Underleg at so stutt-tenkte hovud kann finna på å nytta eit so gjævt diktverk i arbeidet sitt. Men framifrå, sjølvsagt - eit glupt val!
Ser ut som du trivst og fær sanka deg ein dunge av kunnskap!

Vensamt
Kristin

Ved fridtun den   11.10.2009 11:07

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Sara Myhren Kornberg

Eg blir ofte omtala som Ivar Aasens hjarteven. Eg kjem frå Folkestad i Volda kommune og er einaste jente på kull 11.

Eg byrja som frilansjournalist i lokalavisa då eg var 17 år, og har elles erfaring med redaksjonelt arbeid frå UKA-07 og studentavisa Under Dusken i Trondheim. Er utdanna litteraturviter ved NTNU.

"Innkast" er "blogg" på nynorsk.

Søk i bloggen