Søk

Innkast

sep 3

Posta av: Sara Myhren Kornberg
03.09.2009 10:17 

Tysdag feira Nynorsk mediesenter sitt 5-årsjubileum, og i høve det vart det skipa til ein konferanse om mangfald i NRK her i Førde. Kvelden før vart vi inviterte med på jubileumsmiddag på Rica Sunnfjord hotell, og plutseleg var eg i same rom som kringkastingssjefen Hans-Tore Bjerkaas, fleire DK-sjefar, nestleiar i NRK-styret Valgerd Svarstad Haugland og direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim med fleire. "Desse som vi andre berre kjenner frå fjernsyn", som mor mi så fint sa det.

 

Foto: Sara Myhren Kornberg/NRK

 

Eg fekk også mingla litt med tidlegare praktikantar, og høyre om deira erfaringar frå Førde og kvardagen deira i dag. Alle har spanande jobbar, nokre på høgt nivå.

På konferansen dagen etter slutta artist Oddvar Torsheim, P3-sjef Tone Donald, leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård og enno fleire seg til oss. Torsheim opna showet med framføringa av "Nynorskens skog", fritt etter "Norwegian Wood".

Tenkt alt som er gjort av gildt og av stort

I nynorskens skog

Mitt val er no gjort, eg vil ikkje bort

Frå nynorskens skog

Vi praktikantane hadde alle fått ulike oppgåver. Eg fotograferte, noko eg likte særs godt, sjølv om eg følte meg litt liten omringa av så mange dyktige kollegaer. Føredragshaldarane tok opp mange viktige ting angåande nynorskbrukarar sin jobbsituasjon i NRK, i tillegg fekk vi høyre leiar Marianne Mikkelsen og stipendiat Jathushiga Raja frå NRK FleRe snakke om det å vere fleirkulturell og journalist.

 

Foto: Sara Myhren Kornberg/NRK

 

Kringkastingssjefen lova på slutten av konferansen ei betre oppfølging av praktikantar frå Nynorsk mediesenter, så det blir spanande å sjå korleis arbeidssituasjonen blir for oss etter endt praksis.

 Foto: Simen F. Solheim/NRK

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Sara Myhren Kornberg

Eg blir ofte omtala som Ivar Aasens hjarteven. Eg kjem frå Folkestad i Volda kommune og er einaste jente på kull 11.

Eg byrja som frilansjournalist i lokalavisa då eg var 17 år, og har elles erfaring med redaksjonelt arbeid frå UKA-07 og studentavisa Under Dusken i Trondheim. Er utdanna litteraturviter ved NTNU.

"Innkast" er "blogg" på nynorsk.

Søk i bloggen