Søk

Innkast

aug 31

Posta av: Sara Myhren Kornberg
31.08.2009 10:03 

Slik passar det seg kanskje for ein såkalla litteraturviter å starte. For det er eigentleg det eg er, etter tre år i Trondheim og ein fullført bachelorgrad ved NTNU. Eg skal innrømme at det var litt vanskeleg å innstille seg på å skulle flytte frå byen i mitt hjarte. Spesielt det siste året mitt der gjekk som eit svisj, hovudsakleg fordi eg då var kulturjournalist i studentavisa Under Dusken. Eg lærte ekstremt mykje ved å vere med der, og fekk eit nettverk med mange spanande og flotte folk som eg saknar veldig.

Men å få ha journalistikk som levebrød og ikkje berre hobby, er ein draum eg trudde kom til å forbli ein draum, spesielt i desse finanskrisetider. Så det at eg no (etter ein lang sommar) er nynorskpraktikant her i Førde, er framleis litt uverkeleg. Og etter berre ei knapp veke har det skjedd ekstremt mykje. På det sosiale plan har eg vorte kjent med dei fire andre praktikantane, vore på fjelltur, ete velkomstmiddag på hotellet og ikkje minst sjekka ut somme av dei lokale utestadane. Etter nokre få dagar på jobb på Loftet i NRK-bygget har vi mellom anna lært å bruke ENPS, som er NRK sitt nyheitsdataverktøy, og vi har tatt opp og laga radioinnslag.

Foto: Aleksander Solhaug Vallestad/NRK

I to månader framover skal vi ha opplæring i journalistikk, teknikk og nynorsk eterspråk. Deretter skal vi ha to månader praksis i NRK Sogn og Fjordane, fordelt på fjernsyn, radio og nett. Etter jul gjenstår det to månader med praksis i ein ekstern redaksjon, kvar det blir veit eg ikkje enno, men eit par ønsker har eg jo. Deretter er det berre å krysse fingrane for at eg får jobbe vidare i NRK. Men 80 prosent av tidlegare nynorskpraktikantar jobbar faktisk i media, tyngda innanfor NRK. Det er gode prognosar.

Mange spør meg om korleis det er å vere einaste jente på kullet, men dette har eg ikkje tenkt vidare over. Berre eg finn meg i å stå på puter eller steinar når vi skal ta fellesbilete, bli løfta litt på, og bli ekskludert frå såkalla gutekveldar (desse har det førebels berre vore snakk om).

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Sara Myhren Kornberg

Eg blir ofte omtala som Ivar Aasens hjarteven. Eg kjem frå Folkestad i Volda kommune og er einaste jente på kull 11.

Eg byrja som frilansjournalist i lokalavisa då eg var 17 år, og har elles erfaring med redaksjonelt arbeid frå UKA-07 og studentavisa Under Dusken i Trondheim. Er utdanna litteraturviter ved NTNU.

"Innkast" er "blogg" på nynorsk.

Søk i bloggen